Kan langtidsoppgåver vere eit godt alternativ til eksamen?
I 2024 skal over 100 vidaregåande skular prøve ut langtidsoppgåve som ein del av undervisninga. Ei forskingsgruppe frå Institutt for lærarutdanning ved NTNU skal følgje tett med på utprøvinga for å vurdere om langtidsoppgåver kan vere eit godt alternativ eller supplement til eksamen.

Utprøving av langtidsoppgåver er ein del av eit større arbeid Udir skal gjennomføre på vurderingsfeltet. Les meir hos Udir. Eit viktig spørsmål i utprøvinga er om langtidsoppgåvene kan gi elevane større høve til å vise kompetansen sin i tråd med LK20 enn i ein tradisjonell eksamen.
Langtidsoppgåver vart i 2024 prøvd ut i tre fag: Biologi 2, Politikk og menneskerettar og Matematikk 1PY.
Evaluering av langtidsoppgåva blir leidd og koordinert av Skrivesenteret. Vårsemesteret 2024 samla og analyserte Skrivesenteret data om korleis langtidsoppgåva blir gjennomført i dei tre faga. To rapportar frå dette arbeidet er publiserte på nettsidene til Utdanningsdirektoratet:
-
Delrapport 1, hovedoppdraget: Langtidsoppgaven som alternativ til eksamen – hva viser første utprøving? | udir.no
-
Delrapport 2, om hjelpemidler: Hjelpemiddelbruk i langtidsoppgaven – hvilke ressurser bruker elevene? | udir.no
Våren 2025 er det ei ny runde med utprøving. Utprøvinga gjeld Engelsk 2 i tillegg til dei tre faga frå første runde.
Forskerteam
Forskarteamet frå Institutt for lærarutdanning ved NTNU er:
- Gustaf Skar, professor, prosjektleiar (Skrivesenteret/ILU)
- Lise Vikan Sandvik, professor (Skrivesenteret/lLU)
- Henning Fjørtoft, professor (Skrivesenteret/ILU)
- Anne Holten Kvistad, førstelektor (Skrivesenteret/ILU)
- Trygve Kvithyld, førstelektor (norskseksjonen, ILU)
- Runa Eugenie Røttereng Greiner, universitetslektor (Skrivesenteret/ILU)
- Anne Grete Heimsjø, universitetslektor (Skrivesenteret/ILU)
- Marita Byberg Johansen, universitetslektor (Skrivesenteret/ILU)
- Olav Dalsegg Tokle, universitetslektor (Matematikksenteret/ILU).
Det er Utdanningsdirektoratet som finansierer prosjektet, som strekkjer seg over inntil tre år.