Forsking på standpunktvurdering

Implementering av nye læreplanar er ein kompleks prosess som involverer endringar i det faglege innhaldet og i pedagogiske tilnærmingar. Men korleis blir vurderingspraksisen påverka?

To barnehagelærere på kurs hos Skrivesenteret

Forskarar frå Institutt for lærarutdanning ved NTNU skal sjå nærare på praksisar og prosessar i standpunktvurdering, og korleis intensjonane i læreplanane blir omsette til praksis. Studien vil undersøkje praksisar og prosessar for lærarar i ungdomsskule og vidaregåande skule i faga norsk, matematikk, naturfag, musikk (berre ungdomsskule) og helse- og oppvekstfag (berre vidaregåande).

Resultatet av studien kan mellom anna gi informasjon om korleis skuleleiarar og avgjerdstakarar bør leggje til rette og støtte lærarar i omstillingsprosessar.

Prosjektet er todelt: Den første delen går ut på å finne ut korleis lærarar nyttar vurderingstekstane i læreplanane og kjenneteikna på måloppnåing når dei vurderer elevane sine. I den andre delen skal forskarane undersøkje kva som kjenneteiknar praksis og prosessar i standpunktvurdering.

Prosjektet blir koordinert av Skrivesenteret. Senteret bidreg også med forskingsdesign og innsamling og analyse av data.

For å svare på forskingsspørsmåla i prosjektet vil vi gjennomføre spørjeundersøkingar med 100–150 lærarar per fag. Tre skular på ungdomstrinnet og tre skuler frå vidaregåande skule skal delta som case-skular. Lærarane og skuleleiarar ved desse skulane vil delta i gruppeintervju. Forskarane vil i tillegg observere kva som skjer i karaktermøte i dei ulike faga. Dei skal også analysere dokument som vurderingsplanar, oppgåver, kriterium, rettleiingar og fagplanar.

Prosjektet er finansiert av Utdanningsdirektoratet og strekkjer seg over inntil to år.

Forskarteam

Forskarane frå Institutt for lærarutdanning ved NTNU har spisskompetanse innanfor fagdidaktikk, vurderingsdesign, psykometri og skuleutvikling.

  • Lise Vikan Sandvik, professor, prosjektleiar (FYSU/ILU)
  • Henning Fjørtoft, professor ved Institutt for lærarutdanning
  • Gustaf Skar, professor, Skrivesenteret, Institutt for lærarutdanning
  • Bodil Svendsen, førsteamanuensis, Institutt for lærarutdanning
  • Anne Holten Kvistad, førstelektor, Skrivesenteret
  • Runa Eugenie Røttereng Greiner, universitetslektor, Skrivesenteret
  • Marita Byberg Johansen, universitetslektor, Skrivesenteret
  • Olav Dalsegg Tokle, universitetslektor, Matematikksenteret.