Forsking på standpunktvurdering

Implementering av nye læreplanar er ein kompleks prosess som involverer endringar i det faglege innhaldet og i pedagogiske tilnærmingar. Men korleis blir vurderingspraksisen påverka?

To barnehagelærere på kurs hos Skrivesenteret

Forskarar frå Institutt for lærarutdanning ved NTNU arbeider med å sjå nærare på praksisar og prosessar i standpunktvurdering, og korleis intensjonane i læreplanane blir omsette til praksis. Resultatet av studien kan mellom anna gi informasjon om korleis skuleleiarar og avgjerdstakarar bør leggje til rette og støtte lærarar i omstillingsprosessar.

Prosjektet er todelt: Den første delen går ut på å finne ut korleis lærarar nyttar vurderingstekstane i læreplanane og kjenneteikna på måloppnåing når dei vurderer elevane sine. I den andre delen skal forskarane undersøkje kva som kjenneteiknar praksis og prosessar i standpunktvurdering.

Prosjektet er finansiert av Utdanningsdirektoratet og blir koordinert av Skrivesenteret. Senteret bidreg òg med forskingsdesign og innsamling og analyse av data.

For å svare på forskingsspørsmåla i prosjektet vil vi gjennomføre spørjeundersøkingar med 100–150 lærarar per fag. Tre skular på ungdomstrinnet og tre skuler frå vidaregåande skule skal delta som case-skular. Lærarane og skuleleiarar ved desse skulane vil delta i gruppeintervju. Forskarane vil i tillegg observere kva som skjer i karaktermøte i dei ulike faga. Dei skal òg analysere dokument som vurderingsplanar, oppgåver, kriterium, rettleiingar og fagplanar.

Studien har til no undersøkt praksisar og prosessar for lærarar i ungdomsskule og vidaregåande skule i faga norsk, matematikk, naturfag, musikk (berre ungdomsskule) og helse- og oppvekstfag (berre vidaregåande). I 2025 er det desse faga som skal undersøkjast: Samfunnsfag, mat og helse (berre ungdomsskule) og kroppsøving (både ungdomsskule og vidaregåande).

Forskarteam

Forskarane frå Institutt for lærarutdanning ved NTNU har spisskompetanse innanfor fagdidaktikk, vurderingsdesign, psykometri og skuleutvikling.

  • Lise Vikan Sandvik, professor, prosjektleiar (FYSU/ILU)
  • Henning Fjørtoft, professor ved Institutt for lærarutdanning
  • Gustaf Skar, professor, Skrivesenteret, Institutt for lærarutdanning
  • Bodil Svendsen, førsteamanuensis, Institutt for lærarutdanning
  • Egil Galaaen Gjølme, dosent, Institutt for lærarutdanning
  • Anne Holten Kvistad, førstelektor, Skrivesenteret
  • Marita Byberg Johansen, universitetslektor, Skrivesenteret
  • Olav Dalsegg Tokle, universitetslektor, Matematikksenteret
  • Runa Næss Korshavn, universitetslektor, Institutt for lærarutdanning