17. mai
Veit elevane eigentleg kvifor vi feirar 17. mai? I denne ressursen viser vi korleis heile skulen kan arbeide med 17. mai som skrivetema.
Felles skrivetema for første til tiande trinn
Undervisingsopplegget «Grunnlova 1814 til 2014» som vi referer til her, fann stad ved ein 1-10 skole i samband med 200-årsjubileet for Grunnlova i 2014. Sjølv om det ikkje er grunnlovsjubileum i år, er det likevel aktuelt å arbeide med bakgrunnen for kvifor vi feirar 17. mai.
«Eidsvold 1814» blei måla av Oscar Wergeland 70 år etter Riksforsamlinga og gitt til Stortinget i 1885. Motivet viser Christian Magnus Falsen som les frå Grunnlova, medan sekretæren, sorenskrivar Wilhelm Frimann Koren Christie, sit ved sida av.
Utdrag frå «Demokrati og medborgerskap» i samfunnsfag
- Faget skal bidra til at elevene utvikler kunnskap om og innsikt i demokratiske verdier og prinsipper
Tekstutstilling på 17. mai
I det opphavelege undervisingsopplegget vart det i samband med 17. mai-feiringa arrangert ei tekstutstilling der alle elevane fekk stille ut tekstane sine. 17. mai-komitéen inviterte folket i bygda, og for elevane vart det ekstra viktig å lage produkt dei kunne vere stolte av å vise fram. Tekstutstillinga blei ein felles publiseringsarena for heile skolen og var med på å knytte elevane saman på tvers av årssteg.
Vi viser her døme på korleis ein kan arbeide med figurdikt på første trinn, korleis ein kan arbeide med brosjyre på femte trinn og korleis ein kan arbeide med å skrive fagartikkel på åttande trinn.
Desse skriveoppgåvene kan knytast til det tverrfaglege temaet «Demokrati og medborgerskap», og det vil vere relevant å kombinere kompetansemål frå samfunnsfag og norsk med beskriving av skriving som grunnleggande ferdigheit i dei to faga (LK20).
Skriving på første trinn
Kompetansemål i norsk og samfunnsfag etter 2. trinn
- skrive tekster for hånd og med tastatur
- bruke store og små bokstaver, punktum, spørsmålstegn og utropstegn i tekster og samtale om egne og andres tekster
- utvikle og presentere samfunnsfaglige spørsmål
Førskrivefase
På første trinn kan det vere formålstenleg å arbeide i tverrfaglege skriveprosessar. Elevane får i oppgåve å lage figurdikt om 17.mai. Før sjølve diktskrivinga tar til, treng elevane kunnskap om emnet. Her vil det vere ulikt frå elev til elev på kva for førkunnskapar dei har. Nokre veit kanskje at 17. mai er «bursdagen til Noreg» og at ein da kan ete så mykje is ein vil, medan andre sit inne med kunnskap om kva ein nasjonaldag er og kanskje også noko om den historiske hendinga som fann stad på Eidsvoll i 1814.
Det er naturleg å samtale med elevane kring desse spørsmåla:
- Kvifor feirar vi 17. mai?
- Kva skjedde på Eidsvoll i 1814?
- Korleis var det i Noreg på den tida Grunnlova vart skriven?
- Kva gjer vi på 17. mai?
Her kan læraren med fordel støtte klasseromsdialogen med bilete. I tillegg til bilete kan læraren gjerne lese høgt for elevane sine i førskrivefasen. Fleire barnebøker vart gitt ut i samband med grunnlovsjubileet. Du lese om nokre av dei i Dagbladet.
Skrivefase
I skrivefasen flyttar klassen seg frå dei historiske hendingane på Eidsvoll, mot det dei sjølv forbind med 17. mai.
Oppgåva går ut på å skrive 17. mai-dikt utifrå eit fast mønster, nemleg eit figurdikt forma som ein gut eller ei jente. Skriveprosessen startar med modellering av figurdiktmalen på tavla.
- Namn.
- Kva har du på deg?
- Noko du liker med 17. mai.
- Noko du gjer på 17. mai.
- Namn.
Før sjølve skrivinga tar til, kan det vere hensiktsmessig å idémyldre rundt kva dikta kan handle om. Her kan læraren til dømes lage tankekart og skrive sitt eige figurdikt på tavla. Her er det fint at læraren samtaler med elevane om dei vala han/ho tar i utforminga av sitt eige dikt.
Elevane arbeider individuelt med figurdikta sine, medan læraren går rundt og hjelper dei som treng ekstra støtte.
Publisering
For elevane kan det liggje ekstra motivasjon i å syne fram det ferdige diktet for klassekameratane. AIle elevane presenterer dikta sine, og dikta vert hengde opp i klasserommet. I tillegg kan figurdikta til dømes få plass ei tekstutstilling i samband med 17. maifeiringa. Det er stor stas for ein førsteklassing å syne fram diktet sitt for mor, far, besteforeldre eller andre han feirar dagen saman med!
Tilpassa opplæring
Elevane har kome ulikt i skriveutviklinga si, nokre elevar skriv med store bokstavar, nokre med små. Læraren er til stades i klasserommet og rettleier og støttar elevane medan dei skriv og fargeleggjer figurdikta sine.
Skriving på 5. trinn
Kompetansemål i norsk og samfunnsfag etter 7. trinn
- beskrive, fortelle, argumentere og reflektere i ulike muntlige og skriftlige sjangre og for ulike formål
- utforske og beskrive samspillet mellom skrift, bilder og andre uttrykksformer og lage egne sammensatte tekster
- beskrive sentrale hendelser som har ført til det demokratiet vi har i Norge i dag, og sammenligne hvordan enkeltmennesker har mulighet til å påvirke i ulike styresett
- reflektere over hvordan møter mellom mennesker har bidratt til å endre hvordan mennesker har tenkt og samfunn har vært organisert
I dette opplegget får elevane denne oppgåva:
- Lag ein brosjyre der du presenterer sentrale hendingar i samband med at vi fekk Grunnlova. Brosjyrane skal stillast ut på tekstutstillinga 17. mai.
Førskrivefase
- Elevane tenkeskriv omkring spørsmålet: «Kvifor feirar vi 17. mai?»
- Læraren fortel om kva som skjedde på Eidsvoll i 1814 og hektar ny kunnskap på det elevane allereie kan om 1814. Læraren bruker bilete som støtte i klassedialogen.
Skrivefase
I skrivefasen vert elevane delt i grupper på tre, og dei arbeider med å lage strukturerte tankekart over det dei no kan om emnet. I denne prosessen går det føre seg ein viktig samtale kring fagstoffet. Elevane må forklare for kvarandre og får slik styrka kunnskapen dei har om perioden.
Hendingane vert deretter systematiserte på ei tidsline:
Arbeidet skal munne ut i ein brosjyre som presenterer sentrale hendingar i samband med at vi fekk Grunnlova, og læraren viser fram ei skriveramme som kan støtte elevane i korleis dei skal utarbeide endelege brosjyren.
Elevane sit saman i grupper og fyller ut skriveramma. Dei bruker både bøker og Internett for å finne meir stoff om emnet.
Lærarane er tett på elevane i skriveprosessen og rettleier dei undervegs i arbeidet. Etter at skriveramma er fylt ut og planlegginga av kva som skal vere med i brosjyren er ferdig, skriv elevane dei små samandraga som skal vere på dei ulike stadene i brosjyremalen.
Elevane set inn bilete som passar til teksten.
Tips
Revisjon og sluttføringsfase
Elevane og læraren les gjennom brosjyren saman og blir einige om eventuelle endringar som må gjerast.
Døme på ferdig elevbrosjyre:
Skriving på 8. trinn
Kompetansemål i norsk og samfunnsfag etter 10. trinn
- informere, fortelle, argumentere og reflektere i ulike muntlige og skriftlige sjangre og for ulike formål tilpasset mottaker og medium
- bruke kilder på en kritisk måte, markere sitater og vise til kilder på en etterrettelig måte i egne tekster
- gjøre rede for årsaker til og konsekvenser av sentrale historiske og nåtidige konflikter og reflektere over om endringer av noen forutsetninger kunne ha hindret konfliktene
- reflektere over likheter og ulikheter i identiteter, levesett og kulturuttrykk og drøfte muligheter og utfordringer ved mangfold
Førskrivefase
I oppstarten av arbeidet med eit nytt emne er det formålstenleg å aktivere elevane sine forkunnskapar. Her kan ein nytte ulike førskrivingsstrategiar, til dømes eit VØL-skjema, der V i skjemaet viser kva elevane veit om emnet, og Ø viser kva elevane ønskjer å vite og L viser kva elevane har lært etter å ha arbeidd med temaet, anten før sjølve skrivinga tar til eller etter at skriveprosessen er ferdig.
Tenkeskriving er ein annan aktivitet ein kan nytte i denne fasen av skriveprosessen. Kva kan eleven frå før? Kva skjedde i perioden før Noreg fekk den nye Grunnlova? Hugsar elevane noko om den amerikanske og den franske revolusjonen?
For samfunnsfagslæraren går jobben i stor grad ut på å trekkje linjer frå ein periode til ei annan – læraren må hjelpe elevane til å sjå dei store linjene i historia. Tidslinja kan vere ein god reiskap i dette arbeidet. Ved hjelp av tidslinja vert det enklare å hekte ny kunnskap på allereie erverva kunnskap.
I denne fasen treng elevane vidare å lese og skrive seg til meir kunnskap om emnet. Læreboka er ei kjelde elevane kan bruke, men for dette temaet finst det også mange gode nettstader. Skular som til dømes har geografisk nærleik til museet Eidsvoll 1814 bør absolutt besøke museet, mens skular andre stader i landet kan bruke nettsida deira aktivt.
Skriveoppgåva som elevane får lyder slik:
- Skriv ein fagtekst der du gjer greie for årsakene til at Noreg fekk sin eigen Grunnlov i 1814. Teksten din skal stillast ut på tekstutstillinga på 17. mai.
- Bygg opp teksten som ein artikkel.
- Bruk emneorda som støtte i skrivinga.
Ordbank
Union med Danmark Flåteranet Hungersnaud Aukande nasjonalkjensle |
Grunnlov Napoleon Maktfordeling Menneskerettar |
Eidsvoll Kristian Fredrik Karl Johan Falsen |
Stormannsmøtet Riksforsamlinga Kielfreden Mossekonvensjonen |
Emnehjelp
For nokre elevar kan denne oppgåva vere til hjelp før sjølve skrivinga av fagteksten tek til.
Årsaker til det som skjedde i 1814.
Studer lista over årsakene til at Noreg fekk eiga Grunnlov og kom i union med Sverige.
- Storbritannia røva dei dansk-norske krigsskipa i København.
- I januar 1814 vart Kielfreden inngått.
- Kristian Fredrik ønskte å bli konge i Noreg.
- Karl Johan ønskte å utvide territoriet sitt.
- Det var hungersnaud i Noreg under krigen mot Storbritannia.
- Norske embetsmenn ønskte eit meir sjølvstendig Noreg.
- Skriv årsakene ned på eit ark og ranger dei etter kor viktige de meiner at dei er.
- Kva for årsaker vil de seie er grunnleggjande og kva for årsaker er utløysande?
Skriv G framfor dei årsakene som er grunnleggjande og U framfor dei årsakene de meiner er utløysande. - Skriv ned årsakene på eit ark slik at dei dannar ein sirkel. Trekk ein strek mellom dei årsakene som de meiner har ein samanheng med kvarandre.
Skrivefase
Før elevane skal i gang med skrivinga, treng dei ofte hjelp til å avkode oppgåva, slik at dei har klart føre seg kva dei skal skrive om. Her kan det vere lurt at læraren hjelper elevane med å tolke oppgåveteksten. Det kan til dømes gjerast ved at læraren tek oppgåveteksten opp på skjerm eller tavle og samtalar med elevane om kva oppgåva ber om. I denne samanhengen er viktig å tydeleggjere kva som er formålet med skrivinga, og kven som er mottakarane for teksten.
Vidare vil det vere ulikt frå elev til elev kor mykje støtte han eller ho treng i skrivefasen. For nokon vil det å få sjå modelltekstar vere det som gir rammer for skrivinga, mens for andre kan meir konkrete skriverammer vere til god hjelp. Det finst ulike skriverammer – frå dei meir rigide med forslag til startsetningar, til dei meir opne som berre viser ein struktur for teksten. Når skriverammer vert tekne i bruk i skriveopplæringa, er det viktig at læraren driv tilpassa opplæring og går i dialog med kvar einskild elev om kva for støtte han eller ho treng.
Revisjonssfase
Læraren samlar inn førsteutkasta av tekstane og gir respons etter prinsippa for læringsfremmande undervegsvurdering (sjå «Fem teser for funksjonell respons på elevtekster»). Det er viktig at responsen motiverer for revidering og at han er forma på ein slik måte at eleven kan nyttiggjere seg han. Her kan læraren til dømes gi videorespons eller kommentarar i margen. Elevane kan òg gi respons til kvarandre. Det kan vere greitt for elevane å ha ei kriterieliste for kva dei skal sjå etter når dei gir elevrespons.
Tabellen under viser eit døme på korleis ein kan utforme kriterium for elevrespons.
Tema |
Kjem tema klart fram i teksten? Er det noko som er uklart? Kva? |
Overskrift |
|
Innleiing |
|
Hovuddel |
|
Avslutning |
|
Elevane reviderer tekstane dei har skrive på bakgrunn av responsen dei får frå læraren.
Sluttføringsfase
I sluttføringsfasen legg elevane siste hand på verket. Dei må vaske teksten sin for skrivefeil, finne ut kvar eventuelle bilete skal plasserast og gjere teksten fin og lesarvennleg for dei som skal besøke tekstutstillinga på 17. mai.
Tips til andre skriveoppgåver
- Skriv ein 17. mai-tale
- Skriv eit dikt med tittelen «17. mai 2022»
- Forfattar Frode Grytten har skrive ei twitternovelle om 17. mai:
Vift med alle flagg. Norge er i raudt, kvitt og blått. Verda er i
fargar. Bare rasistane er i svart og kvitt. Vift med absolutt
alle flagg.
- Skriv di eiga twitternovelle, og bruk for eksempel tittelen «17. mai 2022» eller «17. mai på twitter.
Fremhevet bilde: Bent Tranberg / Public domain.