Frå novelle til teikneserie
I dette opplegget arbeider ein med nynorsk som sidemål gjennom lesing av novelle og nyskaping av novella i teikneserieformat.
Norskfaget skal motivere til lese- og skrivelyst både på nynorsk og bokmål. Dette undervisningsopplegget på åttande trinn syner korleis ein kan jobbe med å oppfylle sentrale kompetansemål i norsk, samstundes som ein utviklar skriving som grunnleggjande ferdigheit på sidemålet. Lesing, skriving og samtale om tekst går hand i hand i dette opplegget. Den uformelle skrivinga og den litterære samtalen fungerer som ramme og set tydelege spor i teikneseriane til elevane.
Undervisningsopplegget
Mykje av inspirasjonen til arbeidet med novella, er henta frå i praksis: nynorsk sidemål i grunnskule1 (2008). Opplegget er tredelt og går over fire norsktimar. I den fyrste delen les læraren opp novella høgt i klassa, og elevane arbeider med eit tokolonnenotat. I andre del lagar elevane parvis ein teikneserie basert på Fosse-novella, og i tredje del legg elevane fram teikneseriane for kvarandre. I forkant av dette opplegget bør elevane ha kjennskap til teikneseriar og kva for verkemiddel ein kan nytte når ein lagar dei.
Novella, «Raude kyssemerke i brev» av Jon Fosse, er valt fordi det er ein kort tekst med eit enkelt språk og tydelege sjangertrekk. I tillegg er novella utfordrande for ungdommar som ofte blir fôra med litteratur og film med den tradisjonelle «lukkelege slutten». Her bryt Fosse med forventninga om at alt går bra til slutt og dei elskande får kvarandre.
1. Lese novella høgt i klassa medan elevane følgjer med i ein kopi av teksten
Ved å lese høgt får elevane ei felles leseoppleving som gir eit utgangspunkt for samtale, og ved å følgje med i teksten blir dei kjend med skrivemåten og uttalen av nokre nynorske ord.
2. Lesestopp med tokolonnenotat og litterær samtale
Ved vendepunktet i novella legg ein inn ein lesestopp og ber elevane tenkjeskrive om kva dei trur skjer vidare i teksten. Elevane brukar eit par minutt på å samle sine eigne tankar og gjer seg refleksjonar ikring teksten i eit tokolonnenotat. Slik skriving kan hjelpe tanken på veg og gjere den meir synleg og handgripeleg, noko som igjen er med på å sette fokus for samtalen om teksten. Vendepunktet i denne novella er særs tydeleg og utfordrar elevane til å sjå på kva som har skjedd så langt i novella, og til å sjå vidare mot moglege utvegar.
Tokolonnenotatet kan utformast på fleire måtar, men i denne oppgåva er notatet forma som eit spørjeark delt i to; ein kolonne med konkrete spørsmål til teksten og ein kolonne til elevsvar. Spørsmåla er ei blanding av fakta-, refleksjons- og vurderingsspørsmål som opnar for refleksjon og analyse av teksten. Det er avgrensa plass til å svare, noko som gjerne er mindre avskrekkande for elevane når dei skal skrive på sidemålet for fyrste gong.
Den litterære samtalen er viktig i all litteraturformidling i klasserommet. Gjennom samtalen utrykkjer elevane kva dei har lært og bidrar til å gjere kunnskapen til sin eigen. Ein måte å gjere dette på kan vere å sette elevane saman i par slik at dei kan få tid til å tenkje og «lufte» tanken for ein ufarleg partnar før dei deltar i ein klasseromssamtalen. Det kan vere ein fordel å sette saman para ut frå ein viss grad av likskap i fagleg nivå.
I klasseromssamtalen deler elevane tankane sine med resten av klassa. Slik får ein fram ulike refleksjonar kring novella og fleire syn på kor mange vegar teksten faktisk kan ta.
3. Lese siste del av novella
Etter å ha lese ferdig novella fyller elevane ut resten av tokolonnenotatet der dei reflekterer over slutten. Den litterære samtalen i lesestoppen fører gjerne til eit glødande engasjement i kring den faktiske slutten. Fleire vil kanskje meine at dei har laga ein betre slutt enn forfattaren, og det er ei viktig drivkraft for vidare lesing at elevane si forståing og tolking av teksten ikkje vert overskygga av «fasiten» læraren sit inne med. Ved å opne opp for elevane si eiga tolking og meddikting, legg ein tilrette for ei reell tilpassing av undervisninga. Samstundes får ein som lærar innblikk i kva elevane forstår av tekstane. Ulik erfaring frå livet generelt og lesing spesielt, kan her komme til uttrykk, noko som i sin tur kan vere nyttig kunnskap i vidare tilrettelegging av undervisninga
4. Lage teikneserie
Elevane lagar ein teikneserie ut frå si tolking og meddikting av novella med bakgrunn i det dei har lært om verkemiddel i teikneseriar. Elevane kan med fordel samskrive i denne prosessen, då må dei forhandle om teksten og dei får prøvd ut den nynorske skrivemåten saman. Teikneseriesjangeren egnar seg dessutan godt som tidleg skriving på sidemålet fordi sjangeren krev korte tekstar der meininga i verbalteksten vert støtta av teikningane.
5. Munnleg presentasjon
Som ei avrunding av opplegget, legg elevane fram sin teikneserie for heile klassa. Dei fortel om kva for verkemiddel dei har nytta, og ikkje minst kva for tolkingar dei legg til grunn for utforminga. Her får alle dele si leseoppleving og si løysing med dei andre, og fleire spørsmål og perspektiv kjem til syne. Teikneseriane vert hengde opp i klasserommet, både for å publisere tekstar og for å kunne vise tilbake til tekstane når ein arbeider med litteraturformidling seinare.
Last ned undervisningsopplegget: Frå novelle til teikneserie som PDF.