
Stortingsval – skriving i samfunnskunnskap på vgs
Korleis bruke skriving for å lære i samfunnskunnskap? Her tar vi utgangspunkt i stortingsval og knyter dette til eit heilskapleg skriveopplegg.
No er det stortingsval, ein av grunnsteinane i demokratiet vårt. Kva kan elevane dine om styresettet og valordninga i Noreg? I denne ressursen skisserer vi korleis du som lærar kan legge til rette for ein heilskapleg skriveprosess i samfunnskunnskap. Formålet med dette undervisningsopplegget er at elevane skal utvikle og presentere kunnskap om styresettet i Noreg.
Fleire av kompetansemåla og kjerneelementa oppfordrar elevane til å stille spørsmål ved samfunnet rundt seg. Dei skal vere undrande og nysgjerrige, og dei skal tørre å vere kritiske. Det blir stilt krav til at elevane har oversyn over til dels komplekse samfunnsstrukturar og at dei tileigner seg kunnskap om korleis landet vårt blir styrt. Elevane skal kunne gjere greie for dei politiske institusjonane i Noreg og rollefordelinga mellom dei. Det er som kjent mange institusjonelle nivå i styresettet vårt, og elevane treng å lære seg fagomgrep for å uttrykke ein presis forklaring om dette emnet. Skriving kan brukast som ein måte å lære på, i tillegg til at skriving gir rom for refleksjon og erkjenning rundt sentrale faglege problemstillingar. Ei skriveoppgåve kan til dømes bli formulert sånn:
Skriveoppgåve
Du skal skrive ein drøftande fagartikkel. I fagartikkelen skal du…
- Gjere greie for kven som styrer og har makt i landet vårt, med bakgrunn i korleis makta er fordelt og korleis valsystemet fungerer. Du kan i tillegg
- drøfte fordelar og ulemper ved at Noreg blir styrt på den måten du har skildra, eller
- vurdere korleis dette politiske systemet held seg til sentrale demokratiske prinsipp.

Førskrivingsfasen
I førskrivingsfasen er det viktig å aktivere forkunnskapar til elevane. VØL-skjema og støttande læresamtalar/klasseromssamtalar er døme på arbeidsmåtar som kan vere formålstenleg i denne fasen av skriveprosessen.
I førskrivingsfasen er det også viktig å gå til ulike kjelder for å få informasjon om emnet elevane skal skrive om. Læreboka kan vere ei kjelde, i tillegg til at mange læreverk har gode nettressursar. På ulike nettstader, som til dømes stortinget.no og nrk.no, finst det også gode pedagogiske ressursar som er tilpassa elevar i ulike fasar av opplæringsløpet. Enkelte ressursar hos NDLA (Nasjonal digital læringsarena) kan i tillegg vere relevante. Arbeid med kritisk kjeldebruk er sentralt i denne fasen av skriveprosessen.
Det er naturleg at læraren underviser og legg til rette for utvikling av fagkunnskap i førskrivingsfasen. Mange elevar vil til dømes ha god nytte av at læraren forklarer relevante fagomgrep og samlar dei i ein ordbank. I etterkant kan elevane forklare fagomgrepa for kvarandre, både munnleg og skriftleg.
Ordbank
- røysterett
- myndig
- val
- valprogram
- valkamp
- representant
- representativt demokrati
- folkevalt
- kongedømme
- politikk
- valløfte
- Montesquieus maktfordelingsprinsipp
- parlamentarisme
- parlamentarisk
- den fjerde statsmakt
- «fake news»
- fleirtal
- mindretal
- kompromiss
- utjamning
- argumentasjon
- einsidig/enkel framstilling
- (u-)nyansert / (u-)fordelaktig framstilling
- sannferdeleg
- ytringsfridom
Denne skriveoppgåva er omfattande og kompleks. Oppgåveformuleringa er eit utgangspunkt, og læraren kan enkelt differensiere og tilpasse oppgåva til elevgruppa. Læraren og elevane bør saman avkode skriveoppgåva før sjølve skrivinga tar til. Slik kan du sikre ei felles innsikt i kva oppgåva går ut på og ein får rydda opp i det som kan vere uklårt. Denne oppgåva består av fleire spørsmål, og oppgåveteksten gir ein peikepinn på korleis elevane kan strukturere teksten dei skal skrive.
Lærar og elevar kan gjerne saman utarbeide vurderingskriterie. Dette aukar medvitet elevane har om kva som er eit kvalitativt godt svar og ein legg til rette for elevsamarbeid i vurderingsarbeidet. I dømet under tar vurderingskriteria utgangspunkt i korleis det gode svaret kan sjå ut. Slike vurderingskriterie fungerer best når den blir kopla saman med ein modelltekst, der læraren kan vise fram konkrete døme på kva som fungerer godt i teksten. Dette er også eit fint utgangspunkt for faglege diskusjonar i klassen, og er eit premiss for at eleven skal kunne gi god og relevant respons på tekstane til kvarandre. For meir informasjon om ulike vurderingsområde og gradar av måloppnåing, sjå vurderingsmatrisa til Skriveprøven.
Skrivefasar
Oppstartsfase
Denne typen skriveoppgåver kan eigne seg godt for samskriving.
Når elevane skriv saman, må dei forhandle med læringspartnaren sin om det dei skal skrive, noko som kan bidra til ei djupare forståing av fagstoffet. I tillegg får elevane sjanse til å teste ut om resonnementa held mål. Para kan skrive heile artikkelen saman, eller dei kan skilje lag undervegs i skrivinga. Dei kan også vere responspartnarar for kvarandre.
I oppstartsfasen av skriveprosessen vil det vere ulikt kor mykje støtte elevane treng. Nokon treng til dømes støtte til å forstå maktfordelingsprinsippet eller kva for syn dei politiske partia på til dømes skolepolitikk, medan andre kanskje vil trenge hjelp til å strukturere teksten sin. Ein modelltekst er ei god støtte for mange elevar, fordi den viser korleis den ferdige teksten kan sjå ut. Ei skriveramme som er tilpassa formålet med skriveoppgåva kan også fungere som støtte for skrivinga. Det er viktig at læraren går i dialog med elevane om kva for nytte dei kan ha av ei slik skriveramme, og at læraren er medviten på at skriverammer ikkje er like godt eigna for alle elevar. All bruk av skriverammer bør derfor bli modellert av lærar, og lærar må rettleie elevane i korleis dei kan bruke dei.
Skriverammer kan bli brukt i fleire fasar av skriveprosessen, til dømes i planleggingsfasen og i revisjonsfasen. Her kan du laste ned eit døme på korleis ei skriveramme med forslag til avsnittsstartarar til denne oppgåva kan sjå ut.
Revisjonsfase
I tillegg til at samskrivingspara samarbeider med kvarandre undervegs i skrivinga, blir eit et førsteutkast levert inn til lærarrespons. Lærarresponsen kan bli gitt som munnlege kommentarar, margkommentarar eller gjennom videorespons. Når du gir respons, er det lite hensiktsmessig å gi elevane heile diagnosen med ein gong. Oppgåveformuleringa, formålet med teksten og vurderingskriteria er ei god rettesnor for responsgivaren og sikrar at responsen blir forståeleg og relevant. (For meir om respons, sjå artikkelen «Fem teser om funksjonell respons på elevtekster».)
Om klassemiljøet er trygt, kan du med stor fordel ha noko fellesrespons på tekstane i klasserommet. Denne fellesresponsen kan foregå som linjerespons eller ved at læraren løftar fram elevtekstar på den interaktive tavla i klasserommet. Du kan til dømes vise fram korleis elever innleiiar avsnitt med gode temasetningar eller meistrar god tekstbinding mellom setningar og avsnitt i teksten, vere ei effektiv modellering som når ut til alle elevane på ein gong. Dette er eit godt utgangspunkt dersom ein legg opp til at elevane skal gi respons på tekstane til kvarandre. Det er viktig at det blir satt av nok tid til omarbeiding av tekstane på bakgrunn av responsen dei har fått.
Sluttføringsfase
I sluttføringsfasen språkvaskar elevane teksten sin og tar stilling til korleis den endelege grafiske utforminga skal vere. Det er viktig at læraren i denne fasen modellerer gode sluttføringsstrategiar for elevane sine, det vere seg bruk av stavekontroll eller ulike måtar å lese over ein tekst på.

Vurdering for læring
Dette skriveopplegget er i tråd med prinsippa for vurdering for læring.Den læringsfremmande responsen kjem undervegs i skrivearbeidet, i tillegg til at læraren er tett på elevane medan dei skriv. Når læraren og elevane er saman i klasserommet medan tekstane blir skapt, er det større sjanse for å avdekke manglar i kompetansen hos elevane, det er enklare å oppklare det som er uklart og dermed blir det også enklare å gi den rettleiinga som elevane treng i skriveprosessen. Vi håpar dette skriveopplegget bidrar til at elevane lærer fagstoffet på ein god måte, der dei får både innsikt i og oversyn over styresettet i Noreg.
Foto: Tore Fjeld, (CC BY-NC 2.0).
Finn flere bilder på Regjeringens Flickr-album.