Å skrive samandrag i engelsk
Kven var William Shakespeare?
Når elevane skal skrive samandrag av ein tekst får dei trening i å trekke ut det sentrale i teksten. I denne ressursen vil vi beskrive korleis ein femteklasse jobba med ein tekst som omhandla den kjente forfattaren William Shakespeare.
Bakgrunnskunnskap
Som ei innleiing til emnet ønskte læraren å finne ut om elevane hadde kjennskap til den berømte forfattaren frå før. Elevane fekk snakke saman to og to før dei delte det dei hadde snakka om i plenum. Før ein slik samtale kan det vere eit godt grep å la elevane tenkeskrive om emnet. Etter å ha sett elevane på sporet av kva timen skulle handle om, gjekk læraren gjennom læringsmåla med elevane.
Mål for økta
- Lære om den verdskjende forfattaren William Shakespeare.
- Lese og omsetje ein tekst.
- Finne nøkkelord/sentrale ord.
- Lære å skrive samandrag.
- Modellering.
Modellering
Deretter las læraren ein modelltekst som ho sjølv hadde skrive. Elevane fekk i oppdrag å følgje med på sitt ark. Vanskelege ord vart forklarte. Læraren modellerte korleis ho fann nøkkelord i det første avsnittet, og ved hjelp av desse nøkkelorda skreiv ho eit samandrag saman med elevane. Deretter var det elevanes tur til å gjere det same med resten av teksten.
Samlesing og samskriving
Læraren ønskte at elevane skulle samarbeide både når dei las, omsette, fann nøkkelord og skreiv samandraget. Under eit slikt samarbeid føregår det mykje læring. Læringsparet må snakke saman om omgrepa i teksten, kva dei betyr og kvifor akkurat desse orda skal veljast ut. Under samskriving av samandraget må dei òg ta fleire val og argumentere for desse.
To og to elevar las og omsette resten av teksten for kvarandre. Undervegs i lesinga fann dei nøkkelord, som dei skreiv på post it-lappar. Skrivepara brukte så nøkkelorda til å skrive sitt eige samandrag av teksten i ei skriveramme med illustrasjonar som støtte. Originalteksten la dei bort når dei skreiv samandraget.
Oppsummering og avslutning
I avslutninga av økta las elevane samandraga sine høgt for klassen. Timen vart avslutta med at klassen vurderte om dei hadde nådd dei måla som vart sette for timen.
Ressursen som er beskriven her viser korleis både lesing, skriving og det munnlege er sentrale og integrerte element i læringsprosessen. Sjølv om teksten som var utgangspunkt for samandraget var krevjande for mange elevar opplevde alle elevane meistring fordi læraren modellerte og rettleidde dei gjennom prosessen. I tillegg var elevane ei støtte for kvarandre i samskrivinga. Alle elevane nådde målet, men på ulikt vis.
Relevante linkar
Dette undervisningsopplegget er gjennomført av Katrine Domaas ved Ila skole i Trondheim.