My favourite pet
Elevar på småskoletrinnet skriv engelske tekstar om kjæledyr.
Elevar må få erfaring med å skrive ulike samanhengande tekstar i engelsk på småskoletrinnet. Denne ressursen bruker skriving som eit reiskap for språkinnlæring, og målet med skriveoppgåva er at elevane skal skrive ein tekst om favorittkjæledyret sitt. Dette opplegget er laga på bakgrunn av ein ressurs frå Framandspråksenteret sine sider, og viser ulike aktivitetar knytt til arbeid med engelske tekstar.
Elevane må få hjelp til å tileigne seg eit relevant vokabular og til å lære omgrep og uttrykk knytt opp mot det emna dei skal skrive om. For at elevane skal aktivisere og utvide bakgrunnskunnskapen sin om emnet, er det viktig at læraren legg til rette for ulike typar aktivitetar der det blir jobba med engelske omgrep og uttrykk knytt til temaet kjæledyr. Som utgangspunkt kan ulike tekstar brukast. Forslag til modelltekstar kan vere My pet av Bill Graham, My book of pets av Emma Goldawk eller What pet should i get av DR Seuss. Snakk om teksten, sjå på illustrasjonar og still spørsmål som skaper diskusjonar og refleksjonar. Ein sentral del av undervisingsopplegget er dialogen mellom elev og lærar, og mellom elevane. Dialogen er ei viktig kjelde til å auke språkferdigheitene til eleven. Gjennom heile prosessen er det fokus på ordlæring og korleis illustrasjonar blir brukt som støtte til å lære nye engelske ord.
Rammer for skriving handlar mellom anna om å gi elevane skriverammer. I dette skriveprosjektet består skriverammene av startsetningar som vil hjelpe elevane i prosessen med å skrive ein tekst. Startsetningar er konkrete støttestillas som elevane kan bruke for å komme i gang med skrivinga, og som kan hjelpe elevane med å strukturere teksten.
Døme på startsetningar
- My pet is called...
- My pet is a... (cat/dog etc)
- My pet is …old
- My pet is …
- My pet likes to ...
Ikkje alle elevar har behov for skriverammer, dei kan skrive tekstar etter eige mønster.
Modelltekst
My favourite pet is a horse.
His name is Tommy.
He is brown and white.
My horse like to walk.
He is nice.
I love my horse.
Bilde av katt: Kevin Dooley, (CC BY 2.0).