Skrivestartarar som skriveinspirasjon
I denne ressursen finn de nokre skrivestartarar som kan inspirere elevane til å skrive kreative tekstar.
Før vi startar å skrive er arket blankt, og for mange elevar kan det blanke arket vere skremmande å gi seg i kast med. Ein konkret skrivestartar kan vere ei god støtte for elevane. Den amerikanske pedagogen Kelly Gallagher seier at skrivarar treng å trene på skriving, på lik linje med malaren som treng å trene på maleteknikk og basketspelaren som treng trening i ballteknikk.
Writers need a place to play with writing
(Gallagher, 2006)
For å bli gode skrivarar må vi altså la elevane skrive mykje. Mange skular har gode rutinar for å la elevane lese kvar dag (lesekvart). På det viset får elevane trent «lesemuskelen». Kva med å setje i verk skrivekvartar, der elevane får høve til å trene «skrivemuskelen»? Skriveoppgåvene kan gjerne vere her-og-no-oppgåver som elevane kan dele med kvarandre. Desse oppgåvene kan òg inngå som del av ei større skriveoppgåve der elevane får vidareutvikle tekstane sine. Skrivestartarar med personlege vinklingar og konkrete oppgåver knytta til detaljar og situasjonar, kan gi inspirasjon til skriving.
Døme på skrivestartarar
- Tenk deg at du er lærar for ein dag. Beskriv kva du ville ha gjort og korleis det ville ha forandra skulen.
- Alle har ein favorittsong. Kva er din? Beskriv kvifor du likar akkurat denne songen.
- Alle har mist ei tann. Tenk på ein gong du miste ei tann. Kva fekk du av tannfeen? Gjorde det vondt? Beskriv korleis du opplevde det.
- Synest du at du skulle hatt meir lommepengar? Skriv eit brev til foreldra dine der du forklarer kvifor dei må auke summen betrakteleg.
- Halloweenkostyme er artige, men mange av dei er skumle. Kva er ditt beste halloweenkostyme? Skriv om det.
- Tenk på favorittmaten din. Kven lagar favorittmaten din? Når smakte du favorittmaten din for første gong? Beskriv korleis favorittmaten din luktar og smakar. Prøv å gjere det mest mogleg levande for lesaren, slik at han/ho kan kjenne lukta og smaken medan han/ho les.
- Kva elskar du å gjere? Tenk på ein ting du kunne ha gjort heile dagen. Lag eit tankekart der du skriv ned alle dei ulike grunnane til at du likar å gjere dette, og så skriv du ein tekst om det etterpå.
- Kvar går du når du vil vere åleine? Kva er det som gjer denne staden så spesiell for deg? Beskriv staden din.
- Det er mange typar stormar. Torestormar, orkanar, tornadoar, haglstormar og andre. Vel ein du har opplevd, eller sjå føre deg at du har opplevd ein, og beskriv korleis det var å vere midt i stormen.
- Du er ny rektor på skulen og vil gjere uteområdet betre. Kva er den eine nye tingen du vil kjøpe og kvifor akkurat den?
- Kvar årstid er fin på sin måte. Tenk på favorittårstida di. Korleis ser favorittårstida di ut? Har ho farger? Lydar? Kva kjennest favorittårstida di ut som? Kva skjer i denne årstida? Skriv ein tekst der du beskriv favorittårstida di.
- Tenk på ei bok du har likt å lese sjølv, eller ei bok som du har likt at vart lesen for deg. Tenk på tre grunnar til at du likte akkurat denne boka. Skriv om dei slik at den som les det du har skrive, får lyst til å lese boka.
- Sjå føre deg at du får møte ein kjendis. Tenk på tre spørsmål du ville ha stilt og forklar kvifor du vil vite akkurat dette.
- Hugsar du den verste hårfrisyren du har hatt? Kven klipte håret ditt og kvifor i all verda gjorde du det? Kva sa vennene dine? Skriv om den verste frisyren din.
- Sjå føre deg at du drar til eit framandt land og ikkje kan språket. Kva ti ord bør du kunne? Skriv dei ned og forklar kvifor du meiner at dette er dei ti viktigaste.
- Du er eit salathovud i ein salatåker, og bonden skal akkurat til å plukke deg. Skriv eit brev til bonden der du overtyder han om å ikkje plukke akkurat deg.
- Vi blir alle sinte ein gong imellom. Somme ropar og skrik, andre går vekk og græt. Kva gjer du når du blir sint? Fortel om ein gong du var sint, og beskriv korleis det var å vere sint for deg.
- Tenk deg at du har fått ein venn som akkurat har flytta til den staden der du bur. Han vil gjerne vite om tre ting han kan gjere for å ha det moro på denne staden. Kva ville du ha svara?
- Sjå føre deg eit liv heilt utan bøker, blad og aviser. Sjå for deg eit liv utan lesing. Det ville ha vore forferdeleg! Forklar kvifor det er viktig å kunne lese.
- Du er ein vitskapsmann som har bygd ein tidsmaskin som faktisk fungerer, men du kan berre bruke maskinen ein gong. Tenk deg nøye om. Kva tid i fortida eller framtida ville du ha reist til?
- Du har 500 kroner i lommeboka. Kva ville du har brukt dei til og kvifor?
- Kva trur du er annleis med livet ditt no samanlikna med korleis foreldra dine hadde det då dei var på din alder. Beskriv tre ting som er annleis, og forklar om det har gjort livet betre eller verre.
- Skriv eit avsnitt ut frå denne temasetninga: Det blå havet er fylt med hemmelegheiter.
- Sjå på skorne dine. Dersom dei kunne snakke, kva ville dei ha sagt til deg?
- Dei fleste likar gatekjøkkenmat. Nokre gonger et vi for mykje av det, men du meiner at vi kan ete akkurat det vi har lyst på. Skriv eit brev til legen din der du forklarer at gatekjøkkenmat er næringsrik mat, og at det er den einaste maten du vil ete frå no av!
- Tenk på ei eske med fargeblyantar. Kva farge ville beskrive deg best, og kvifor akkurat den?
- Kven ville du helst gå til, tannlegen eller skulen? Vel ein av dei og gi tre årsaker til at du valde som du gjorde.
- Dersom du kunne reist kvar som helst i verda, kvar ville du ha reist? Beskriv den perfekte feriestaden din slik at lesaren kan sjå det føre seg.
- Skriv eit avsnitt ut frå denne temasetninga: Jungelen er ein heim for mange uvanlege skapningar.
- Dersom du fekk oppfylt tre ønske, kva ville det ha vore og kvifor?
- Dersom du skulle hatt eit anna namn, kva ville det ha vore og kvifor?
- Skriv ei melding til læraren der du forklarer kvifor du kom for seint på skulen i dag. Ver kreativ!
Relevante linkar
- Last ned skrivestartarar på nynorsk (Word).
- Last ned skrivestartere på bokmål (Word).
- 50 Writing Promts for All Grade Levels.
Tips til litteratur
- Dahle, G og Wold, K. (2005). Velkommen til språket. Skriveøvelser for lærere, elever og andre skrivelystne. Oslo: Cappelen. Akademisk forlag.
- Gallagher, K. (2006).Teaching Adolescent Writers. Portland, Maine: Stenhouse Publisher.