Språkarbeid og digital praksis
Barn kan utvikle eit rikt omgrepsapparat gjennom sin utforsking og leik med digital teknologi i barnehagen. Denne teksten vil gi nokre få døme på korleis språkarbeid kan gå føre seg i ein digital praksis, men det finst mange fleire moglegheiter for korleis det kan gjerast. Slik kan dei sjå nærare på småkrypa og oppdage og undre seg over fleire detaljar.
Utvikling av språk er noko av det viktigaste som skjer i livet til eit barn. Gjennom språket lærer barn å forstå seg sjølv og omgivnadene sine. Språket bidrar til å forme identiteten vår, å oppleve fellesskap med andre menneske og å føle tilhøyrsle i samfunnet. Tileigning av språk skuldast biologien, og barn er fødde med ein ibuande evne til å utvikle og nytte språket. Det er likevel ein føresetnad at barn må vere i eit språkleg miljø der det språklege uttrykket til barnet blir tolka og blir forsterka for at dei skal tileigne seg ei god språkutvikling (Espenakk, 2007). Digital teknologi kan vere ein ressurs for språkutviklinga til barn, noko som tilseier at teknologien bør vurderast som eit positivt supplement i arbeidet med språk i barnehagen (Letnes, 2016). Barn kan utvikle eit rikt omgrepsapparat gjennom utforskinga og leiken sin med digital teknologi i barnehagen. Denne teksten vil gi nokre få døme på korleis språkarbeid kangå føre seg i ein digital praksis, men det finst mange fleire moglegheiter for korleis det kan gjerast.
Mange barnehagar tar i bruk appar og spel, program og digitale bøker når dei jobbar med språk i den digitale praksisen sin. Det kjem stadig nytt digitalt materiale som er retta mot barnehagar. Det finst opne appar som kan bidra til undring og utforsking, der innhaldet ikkje er bestemt på førehand, og der barna får medverke til det som skal skje. Her kan dei få moglegheit til å planlegge, konstruere og skape forteljingar, historier, ulike uttrykk med meir. Dei får vere aktive deltakande produsentar. Det er òg utarbeidd appar som opnar for fleire språk, noko som kan vere ein styrke i arbeidet med språkutviklinga til fleirspråklege barn ved god pedagogisk bruk. Det finst òg eit utval appar som kan bidra til å styrke og støtte språkutviklinga til barn som har ei språkforseinking, språkvanske, manglande ordforråd eller som strevar med språk på andre måtar. Her er det viktig at personalet vurderer kva som blir tilbode, korleis det er tenkt til å brukast, og ikkje minst kvifor det er riktig å ta det i bruk i barnehagen. Pedagogiske og etiske refleksjonar og grunngivingar bør ligge til grunn for dei val og innkjøp av digitalt materiale som ein gjer i barnehagen.
Ord og omgrep
Å arbeide med ord og omgrep er særs viktig i språkarbeidet, og noko som barnehagar ofte jobbar bevisst og systematisk med. I fagfilmen Språkarbeid og digitale verktøy høyrer vi at pedagogane nyttar det tekniske språket som er knytt til den digitale praksisen. Dei bruker ord som bluetooth, wifi, algoritmar og programmering saman med barna - samtidig som dei nyttar den aktuelle teknologien. Barn lærer namn på ulike ting og kva funksjonar verktøya har når dei får bruke dei i meiningsfulle situasjonar. Då lærer dei ord og omgrep og fyller dei med innhald. Slik er det òg når barn møter teknologiske ord og omgrep i barnehagen. Når personalet bevisst brukar korrekt fagspråk som datamaskin, skjerm, tastatur, nettbrett og animasjonsfilm, blir det skapt eit felles språk hos barna og personalet, slik at alle veit kva det talast om (Bølgan, 2018). På denne måten kan personalet bidra til at barna får «(…) varierte og positive erfaringar med å bruke språk som kommunikasjonsmiddel, som reiskap for tenking og som uttrykk for eigne tankar og kjensler» (Kunnskapsdepartementet, 2017). Barn lærer raskt fagterminologien i koding og programmering viss orda vert brukt på ein naturleg måte. Det er likevel formålstenleg å gjenta nye ord fleire gonger slik at barna verte godt kjend med dei, og å bruke orda i fleire samanhengar slik at omgrepsforståinga til barna blir utvida (Utdanningsdirektoratet, 2017).
Å utvikle eit godt fagspråk innanfor det teknologiske området er nyttig for barna både her og no i barnehagen, men det er òg greitt å ha gjort seg nokre erfaringar med det før dei skal byrje på skolen. Eide & Winger (2006) peikar på kor viktig det er at det pedagogiske arbeidet i barnehagen blir gjord med medvit og med balanse mellom eit «her og no»-perspektiv og eit framtidsretta perspektiv (Eide & Winger, 2006). Det kan seiast at sjølve grunnmuren for seinare lesing og skriving blir bygd i barnehagen, og at den må vere sterk og solid. Denne grunnmuren skal vere med på å ruste barna slik at dei får ein sterk språkleg basis som dannar grunnlaget for livslang læring (Gjems 2016, s. 22). Det å ha eit rikt språkmiljø med tilgang på digitale verktøy og tilsette som støttar leiken og utforskinga til barna av desse verktøya, er positivt for den språklege utviklinga til barna og den digitale kompetansen deira. Gode relasjonar, samtalar om tema som engasjerer barna og pedagogar som er bevisste på å bruke eit rikt og variert ordforråd, er viktig for språklæringa til barn (Gjems, 2016, s. 193).
Samtalar og digital praksis
Samtalar er ein grunnleggande aktivitet for språktileigning og læring. Spontane, uformelle samtalar finn stad kvar helst og når som helst, og slike samtalar er ein omfattande og viktig læringsarena. Ved å vere aktive deltakarar i samtalar, tileignar barna seg ein brei språkleg kompetanse. Dei er avsendarar av bodskap, dei lyttar og observerer, og dei får og tolkar bodskap. I tillegg lærer dei å ta tur og gi signal om at det er andre sin tur, og dei blir i stand til å følgje opp innspel frå andre. (Utdanningsdirektoratet, 2017). Personalet i barnehagen må òg støtte barn i å samtale med kvarandre, slik at dei kan involvere seg i innspel frå andre og bygge vidare på kvarandre sine idear og forslag (Gjems, 2016, s. 129).
Slike samtalesituasjonar oppstår ofte når barna utforskar teknologi saman. Barn lærer av kvarandre når dei held på med til dømes koding og programmering. Dei forklarer, rettleier, hjelper og støttar kvarandre, og dei løyser problem og utfordringar saman. Det er sosialt, dei koser seg og har det gøy saman, slik vi ser i fagfilmen Språkarbeid og digitale verktøy. Det er samarbeid, glede og kommunikasjon. Når dei planlegg, diskuterer og blir samde om kva til dømes BeeBot eller Sphero-ballen skal gjere, bruker dei språket aktivt i samspel med både barn og vaksne. Gjennom slik språkleg utveksling av idear, og ved å formulere tankerekker, meiningar og ønske, får barna større medverknad i sine eigne læringsprosessar. Dei får òg erfaringar med å delta i demokratiske prosessar når dei utforskar teknologien på denne måten. Barna får viktige erfaringar og evner gjennom å formulere seg språkleg og uttrykke eigne meiningar og tankar (Gjems, 2016). Her skjer det verdifull språklæring, i tillegg til at barna utviklar dei sosiale evnene sine.
For at robotane skal kunne gå i rommet eller i ein bane som barna har konstruert, må barna bruke kommandoar. Dei bruker gjerne ord som rett fram, bakover, til høgre, til venstre og stopp for å styre roboten dit dei vil ha han. Dette er nokså avansert språkbruk, og ofte må dei prøve og feile fleire gonger for å oppnå det resultatet dei ønsker. Bruk av slike verktøy kan vere eit godt supplement i det systematiske språkarbeidet til barnehagen, der dei tilsette bør vere tett på slik at dei kan støtte utforskinga til barna, undring og leik med verktøya i dei skapande prosessane sine. I det pedagogiske arbeidet med barn, veit ein jo ikkje alltid på førehand kva som engasjerer eller interesser dei her og no. Derfor er det nødvendig at dette arbeidet blir prega av improvisasjon og ei lyttande haldning der dei tilsette har evne til å respondere, gripe og vidareutvikle moglegheitene som oppstår her og no i samspelet med barna. Dette kan omtalast som kvalifisert improvisasjon, der tilsette møter innspelet til barn og vidareutviklar dette saman med dei (Eik, 2016, s. 113). Denne tilnærminga er òg viktig i arbeidet med digitale verktøy i barnehagen. Når barna er med på å utforme innhaldet i aktivitetar, slik dei mellom anna gjer i programmering, tileignar dei seg mange erfaringar og ferdigheiter. Erfaringane barna får gjennom å produsere, kan seinare gjere dei i stand til å bli utviklarar av ny teknologi. Kanskje kan dei bidra til å løyse utfordringane i framtida òg? (Bølgan, 2018).
Gjennom bruk av digitalt mikroskop, undersøkingskamera, GoPro med meir finst det òg gode moglegheiter for å utforske det munnlege språket og utvide ordforrådet til barna gjennom gode samtalar undervegs. Leik med og utforsking av ulike digitale verktøy i uterommet i barnehagen eller ute i naturen, bør sjåast på som ein del av språkmiljøet i barnehagen. Naturen inviterer barn til å undre seg over ulike fenomen dei finn. Dei kan utforske og eksperimentere med ulike reiskap, utstyr og teknologi i møtet med desse fenomena (Kunnskapsdepartementet, 2017). Ein kjem tett på småkryp og planteliv gjennom å studere dette i eit digitalt mikroskop, og saman med eit nettbrett eller ein telefon får barna sjå korleis livet i naturen utspeler seg i sanntid. Inspeksjonskamera eller ein drone gir uana moglegheiter til å få sjå stader som er lite tilgjengelege for undersøkingane til nysgjerrige barn. Ved å kombinere kunnskapane til tilsette om naturen og omgivnadene i nærmiljøet, og ved å bruke digitale verktøy, kan barna utvide kjennskapen sitt til naturen, berekraftig utvikling og få auka forståing for korleis dei kan ta vare på naturen på ein respektfull og skånsam måte (Kunnskapsdepartementet, 2017), samtidig som barn og vaksne engasjerer seg i undrande og utforskande samtalar med kvarandre.
Eit GoPro-kamera der det er mogleg å gjere filmopptak, kan gi kunnskap om og innsikt i opplevingane og kvardagen til barn. Å sjå filmen saman med barnet i etterkant gir eit grunnlag for samtalar knytte til kva barnet så, gjorde, leika og opplevde undervegs. For nokre barn er det lettare å fortelje om eigne erfaringar og opplevingar når dei ser ein film om kva dei faktisk gjorde. Det er òg lettare å hugse på kva som skjedde undervegs. Det kan bidra til at barn fortel og bruker språket meir, samtidig som det gir personalet moglegheiter til å stille relevante spørsmål til opplevingane til barnet. Personalet kan hjelpe til med å drive forteljingane til barna framover ved bruk av bekreftande, oppklarande og reflekterande spørsmål. Når barn får erfaringar og øving i å fortelje, blir forteljarkompetansen styrkt. Etter kvart vil barna meistre å fortelje meir sjølv, og med mindre støtte (Utdanningsdirektoratet, 2017).
Referansar
- Bølgan, N. B. (2018). Digital praksis i barnehagen. Nysgjerrig, eksperimentell og skapende. Bergen: Fagbokforlaget.
- Eide, B. J. & Winger, N. (2006). Dilemmaer ved barns medvirkning. Temahefte om barns medvirkning. (ss. 28-50). Kunnskapsdepartementet.
- Eik, L. T. (2016). Barnehagelæreres profesjonslæring. Bergen: Fagbokforlaget.
- Gjems, L. (2016). Barnehagens arbeid med tidlig litterasitet. På barns vilkår. Bergen: Fagbokforlaget.
- Kunnskapsdepartementet. (2017). Forskrift om rammeplan for barnehagens innhold og oppgaver. Hentet fra: https://www.udir.no/laring-og-trivsel/stottemateriell-til-rammeplanen/sprak-i-barnehagen--mye-mer-enn-bare-prat/
- Utdanningsdirektoratet. (2017). Språk i barnehagen – mye mer enn bare prat. Hentet fra: https://www.udir.no/laring-og-trivsel/stottemateriell-til-rammeplanen/sprak-i-barnehagen--mye-mer-enn-bare-prat/
Barnehagen sin digitale praksis
Denne artikkelen tilhøyrer læringsressursen Barnehagens digitale praksis som har som formål å bidra til å styrke den digitale praksisen til barnehagen og barnehagepersonalet sin profesjonsfaglege digitale kompetanse.
Artikkelen tilhøyrer Modul 4 || Fagsamling 10.