
Ståstadanalyse i barnehagen
Eit viktig verktøy for vurdering av kvalitet.
Ståstadanalysen som er utarbeidd av Utdanningsdirektoratet byggjer på Barnehagelova og rammeplan for barnehagar.
Analysen er eit refleksjons- og prosessverktøy som involverer alle tilsette. Ein slik kollektiv refleksjon er med på å setje ord på praksisen til barnehagen. Vidare er analysen viktig for å finne ut kva barnehagen allereie er god på, samtidig som han kan vere med på avdekkje område der barnehagen har utviklingspotensiale.
Skal ein lykkast med kvalitetsvurderinga må arbeidet forankrast godt hos alle medarbeidarane. Eit slikt utviklingsarbeid tek tid, men har stor nytteverdi for dei barnehagane som prioriterer dette arbeidet.
Publisert 23. februar 2021
(Sist revidert 19. april 2024)