Her er så underligt…
I dette undervisningsopplegget får elevane utforske den modernistiske livskjensla ved å gjere eit dikt av Obstfelder dagsaktuelt.
Jeg ser, jeg ser...
Jeg er visst kommet på en feil klode!
Her er så underligt...
Slik blir Sigbjørn Obstfelder sitt mest kjente dikt «Jeg ser» frå 1893 avslutta. I diktet får vi innsikt i «framandkjensla» mange menneske på slutten av 1800-talet følte på. Også i dag kan mange kjenne på ei grunnleggande uvisse, i ei stadig skriftande verd, med klimakrise, teknologisk utvikling og globale pandemiar.
«Jeg ser» som modelltekst
I dette undervisningsopplegget skal elevane bruke «Jeg ser» som modelltekst og skrive sin eigen versjon av diktet.
Først er det nødvendig å studere korleis diktet er bygd opp. Sjølv om diktet ikkje har enderim og fast rytme, har det ei stram form som gjer det eigna for «herming»:
-
Diktet er delt inn i ni strofer der dei sju første strofene følgjer eit mønster når det gjeld antal verselinjer: 3 + 2 + 1, 3 + 2 + 1, 3. Frå og med strofe åtte blir dette mønsteret brote.
- Mønsteret blir gjort tydeleg gjennom anaforane (stilistiske gjentakingar i starten av verselinjene. Først observerer eg-personen: «Jeg ser...», så kjem nokre refleksjonar: «dette er altså..», før det i strofa med berre ein verselinje kjem ein ny observasjon, litt meir brått på enn dei første.
- Vi finn òg eit mønster i blikket til det lyriske eget. Dei første observasjonane er høgt oppe: «himmel», «skyer» og «sol, før dei gradvis rører seg nedover til «hus», «vinduer» og «kirketårn» og til slutt nede på gateplan hos menneska: «herrer», «dame», «hester».
JEG SER
Jeg ser på den hvide himmel,
jeg ser på de gråblå skyer,
jeg ser på den blodige sol.
Dette er altså verden.
Dette er altså klodernes hjem.
En regndråbe!
Jeg ser på de høie huse,
jeg ser på de tusende vinduer,
jeg ser på det fjerne kirketårn.
Dette er altså jorden.
Dette er altså menneskenes hjem.
De gråblå skyer samler sig. Solen blev borte.
Jeg ser på de velklædte herrer,
jeg ser på de smilende damer,
jeg ser på de ludende heste.
Hvor de gråblå skyer blir tunge.
Jeg ser, jeg ser …
Jeg er visst kommet på en feil klode!
Her er så underligt …
Skriveoppgåve
Elevane kan jobbe i grupper med delte dokument og samarbeide via videokonferanse, eller dei kan skrive individuelt.
-
Bruk Obstfelder sitt dikt som mønster og lag din eigen versjon. La eg-personen observere det som i dag kan opplevast som framandt og underleg: konsekvensane av koronatrusselen.
- Det skal vere tydeleg at det er «Jeg ser» som er inspirasjonen din, men du kan byte ut nokon av Obstfelder sine mønster med dine eigne viss du vil.
-
Ta bilde som illustrerer og/eller utvidar diktet ditt. Gå gjerne ut og fotografer. Ikkje bruk bilde de finn på nett.
Publisering
Det er motiverande for elevane å dele det dei har laga. Her finst det fleire moglegheiter, hugs å ta omsyn til personvern, aldersgrenser og samtykke.
- Les inn diktet og vis fram bilda. Moglege verktøy: Powerpoint og screencast-o-matic.
- Lag ein Snap-story med bilde og dikt.
- Lag ein Instagramkonto for klassen og del bilda der.
- Del dikt og bilde på ei digital oppslagstavle, til dømes padlet.com.
- Design din eigen plakat med tekst og farge/illustrasjon/bilde. Mogleg verktøy: canva.com.
- Arranger live-dikt-opplesing på videokonferanse: elevane som presenterer delar skjermen sin med bilde og les høgt.
- Tagg bildet med #modelltekst eller @modelltekst på Instagram for å komme med på Skrivesenteret si liste over kreative løysingar.
Nokre løysingsforslag
Takk til norsklærarar og vg3-elevar på Fylllingsdalen vgs.