Bestill fagdag: Matematikk + språk = inkluderande fellesskap i barnehagen
Treng de inspirasjon og kunnskap om korleis språkarbeid og matematikk kan skape inkluderande fellesskap i barnehagen? Bestill ein fagdag med Matematikksenteret og Skrivesenteret.
På ein fagdag om matematikk, språk og inkludering formidlar vi praktiske døme og forskingsbasert kunnskap om korleis arbeid med matematikk og språk kan skape inkluderande fellesskap i barnehage, SFO og skule. Fagdagen består av foredrag, erfaringsdeling og verkstad. Tema er:
- korleis fremje eit inkluderande fellesskap med eit språkleg og matematisk arbeid
- korleis bruke matematikk og språk til å vareta og vidareutvikle barns drivkraft for å forstå verda
- korleis kan tilsette bidra til at barna opplever eit inkluderande samspel som har noko å seie for tilhøyrsla deira, forståing og utvikling.
Å fremje inkluderande fellesskap med språkarbeid og arbeid med fagområdet matematikk er ein sentral målsetting i Kompetanseløftet for spesialpedagogikk og inkluderande praksis. Det handlar om at alle barn skal ha likeverdige moglegheiter for deltaking og allsidig utvikling, og er ein viktig del av å førebygge fråfall og skulefråvær i utdanningsløpet. Innhaldet i fagdagen bidreg til å gjere denne målsetjinga om til praksis.