Heilskapleg tenking og inkluderande praksis
Korleis drive kompetanseutvikling gjennom prosessorientert arbeid i barnehagen? Gjennom eit heilt barnehageår har temaet for heile barnehagen vore tre, og arbeid med leire og teikning har vore sentralt. I denne ressursen følgjer vi ei spennande reise i verda til trea set ut frå perspektivet til barna og perspektiva til dei tilsette.
Planetringen barnehage i Malvik kommune jobbar med samskapte prosessar og tverrfaglege prosjekt i personalgruppa og saman med barna ute på avdelingane. Med utgangspunkt i Reggio Emilias filosofi og tankesett har barnehagen gjennom mange år utvikla denne måten å jobbe med kompetanseutvikling på, der særleg refleksjonane til tilsette blir vektlagde for å drive prosessane framover. Gjennom deltaking i nasjonalt nettverk saman med andre barnehagar som jobbar nært filosofien, fekk dei kjennskap til boka Trær jeg har møtt av Anna Fiske. Denne boka inspirerte til dette prosessarbeidet. Skrivesenteret har vore tett på prosessane gjennom eit barnehageår der temaet for heile barnehagen har vore tre, og der arbeid med leire og teikning har vore sentralt. I denne ressursen følgjer vi deira spennande reise i verda til trea set ut frå perspektiva til barna og dei tilsette.
Rammeplan for barnehagen legg vekt på at barnehagen skal vere ein lærande organisasjon der personalet deltek, bidreg og reflekterer rundt faglege og etiske problemstillingar (RP, 2017). Planetringen barnehage er oppteken av å finne fram til gode samskapte prosessar i personalgruppa, der stemmene til alle blir høyrt. I oppstarten av arbeidet våren 2022 brukte barnehagen god tid til å evaluere og reflektere over sin eigen praksis. For å synleggjere arbeidet for kvarandre, brukte dei mellom anna tankekart som metode.
Etter kvart kom dei fram til at det var temaet tre, verktøya leire og teikning som skulle vere utgangspunkt for prosessarbeidet det neste barnehageåret.
Å jobbe med eit felles prosjekt er viktig for oss. Det sameiner oss som ein barnehage og knyter band mellom oss, både vaksne og barn. Refleksjonane på studiedagane er viktig og gir oss eit grunnlag for vidareutvikling og fordjuping av vårt verdisyn, det blir sterkare.