På Porsgrunn VGS har elevar og lærarar sitt eige skrivesenter

I denne filmen fortel elevar, lærarar og skuleleiing om arbeid og læring på skrivesenteret.

Målet med å opprette eit skrivesenter på skulen er å gjere elevane meir studieførebudde og å bygge ein skulekultur der elevane lærer av kvarandre. I denne filmen fortel elevar, lærarar og skuleleiing om arbeid og læring på skrivesenteret.

Kva er skrivesenteret ved Porsgrunn vgs?

  • Eit senter der tre lærarar og tolv elevar er skriverettleiarar for andre elevar.
  • Dei tilbyr rettleiing med enkeltelevar om arbeid med tekstar i alle fag.
  • Dei tilbyr skrivekurs for heile klassar eller trinn.
  • Dei utviklar ressursar som skriverammer og modelltekstar for fleire fag.
  • Skrivesenteret er eit rom på skulen som er bemanna heile skuledagen, fire dagar i veka.

Organisering og bemanning

  • Tre lærarar med ulik fagbakgrunn har cirka 30 prosent ressurs kvar som skrivelærarar.
  • 12 elever frå VG2 og VG3 er skriverettleiarar
  • Elevrettleiarane har fått opplæring og kurs, mellom anna i samarbeid med UiO.
  • Elevrettleiarane bruker ein av fritimane sine i veka på å jobbe på skrivesenteret.
  • Elevane tingar sjølv rettleiing i eit digitalt system, ein rettleiingstime er på 15 minutt.

Vart du inspirert?


 

Ta gjerne kontakt med skrivelærarane på Porsgrunn VGS for å lære meir:

Her kan du lese meir om skrivesenteret på Porsgrunn VGS i forskingsmagasinet Apollon.