Dinosauren som inspirasjon til språklege samtalar
Korleis kan interesseområda til gutar bli ein naturleg del av språkarbeidet i barnehagen?
Begeistringa for dei kjempestore utdøydde dyra er det mange barn som har. For å lykkast med godt språkarbeid i barnehagen kan det vere ein suksessfaktor å fange opp kva barna er opptekne av. Barnehagen skal legge til rette for at alle barn skal få god språkstimulering i kvardagen, dei skal og få delta i aktivitetar som fremjer kommunikasjon og heilhetlig språkutvikling (Rammeplan 2017). Denne praksisforteljinga viser korleis pedagogen vidarefører fem gutars dinosaurleik inn i språkarbeidet.
I denne barnehagen hadde gutane vore opptekne av dinosaurleik i ei lengre periode. På tur til miljøstasjonen med oppdrag om å kaste glas og metall oppsto det ein spennande leik. Der var det fleire haugar med asfalt, som plutseleg blei til lava. I dette lava-landet budde det sjølvsagt dinosaurar. Under miljøturen oppdaga dei vaksne barna sitt store engasjement for dinosaurar, og dei hadde også observert at barna var opptekne av å leike med plastdinosaurar. Med utgangspunkt i desse observasjonane ønska dei vaksne å leggje til rette for å bruke det barna var opptekne av i eit meir systematisk arbeid med språk.
Vi tryllar oss i gang
Språkleiken starta med at gutane som var i alderen fire til fem år kom inn i rommet som var sett i stand på førehand. På veggen hang det ein plakat forma som ein dinosaur. På bordet stod det ein språkkoffert og eit tøystykke som skjulte noko.
Gutane blei svært nysgjerrige på kva som låg under det blå stoffet og kva som var inne i kofferten. Den vaksne starta med å la barna bruke ein tryllestav for å prøve å opne kofferten. Alle gutane trylla og sa magiske ord før kofferten til slutt opna seg. Då sistemann ropte ut abrakadabrakadabra opna lokket seg, og fleire dinosaurar kom til syne. Barna tok ut dinosaurane og begynte å snakke om dei. Den vaksne stilte opne spørsmål slik at barna kunne undre seg, og på den måten tok hun vare på rammeplanens føringar om å bidra til at barna videreutviklar si forståing av begrep og ord.
– Kva er ein dinosaur?
– Kva veit de om dinosaurar?
Gutane var svært ivrige, og dei snakka i munnen på kvarandre. Den vaksne styrte samtalen slik at alle fekk kome til orde. – Høyr på Simen no, han har noko viktig å fortelje om korleis dinosaurane såg ut. – Dæm har pigga. Simen fortalde om både piggar, skjold og skarpe tenner. Andreas fortalde om kjøttetarar og planteetarar. – Æ veit at dæm like blar, dæm e planteetarar, sa Andreas. Han hadde kunnskap om at dei både kunne vere kjøttetarar og planteetarar. Sondre føydde til at – dæm e langt ned i jorda. No e det bare skjelettet vi sjer. Den vaksne støtta gutane og bekrefta kunnskapen deira, samstundes som ho tilføydde nye omgrep som fossil, krypdyr og langhalsar. Dette var verkeleg eit tema som fekk desse gutane til å ta i bruk språket på ein aktiv måte.
Å sortere er gøy!
Gutane leikte litt med dinosaurane før dei fikk i oppdrag å sortere dei ut ifrå utsjånad.
– Kæm er like?
Dette førte til at dei fekk prata om eigenskapane til dei ulike dinosaurane. Dei dinosaurane som hadde piggar og skjold, hadde det for å beskytte seg. Dei var planteetarar. Nokre av dei med svært lange halsar var også planteetarar. Dinosaurane som hadde skarpe tenner, var kjøttetarar. Sondre kunne fortelje at – hain i midta spiser kjøtt for han har skarpe tenner og han spring raskt …
Barna samarbeidde om å sortere dinosaurane samstundes som den vaksne lytta og støtta barna når dei leikte. Under denne prosessen oppdaga barna at nokre av dyra i samlinga ikkje passa inn i dei kategoriane dei hadde kome fram til. – Er dette ein dinosaur? Nei, det kunne det ikkje vere fordi dette dyret hadde føtene ut frå sida, mens dinosaurane har dei rett ned.
Lesing og munnleg aktivitet
Den vaksne leste ei faktabok om dinosaurar. Undervegs i lesinga fann barna spontant dinosaurar som passa til dei dyra som var beskrivne i boka. Nokre av orda som barna undret seg over, blei skrivne på dinosaurplakaten på veggen. Det første ordet dei skreiv var dinosaur, og saman lytta dei ut fyrstelyden i ordet. Dei klappa også kor mange stavingar og kor mange bokstavar ordet hadde. Pedagogen tar i bruk ulike måtar å formidle på, og hun oppmuntrar barna til å fabulere og leike med språket, lydar, rim og reglar sammen.
Gutane valde seg ein dinosaur som dei skulle teikne og skrive litt om. Fleire valde å teikne omrisset av dinosauren sin. Andreas valde å teikne fotspor, og han skreiv også ordet fotsphor ved sida av teikninga si.
Kvifor skal vi ha spesielt fokus på gutar og språk?
Forsking på språkarbeid i barnehagen viser blant anna at gutar ofte vel bort språkfremmande aktivitetar om dei får sjansen til det. Lesesenteret i Stavanger har gjort ei undersøking med tusen barnehagebarn som viser at gutar ikkje er til stades når det skjer frivillig språkarbeid (Stangeland, 2015). Bør det vere slik at gutar skal få lov til å velje bort aktivitetar som bidrar til språkutvikling?
Språkløyper er ein nasjonal strategi for språk, lesing og skriving. Språkløyper inneheld nettbaserte kompetanseutviklingspakkar som barnehage og skule kan bruke i utviklingsarbeidet sitt. I denne strategien er gutar framheva som eit spesielt fokusområde. Medvitne vaksne i barnehagen kan vere med på å utjamne kjønnsforskjellane når det gjeld språk og bidra til at gutane får positive opplevingar med slike aktivitetar.
Språkarbeidet som er beskrive i denne artikkelen er i tråd med Rammeplanen der det blant anna står at: Barnas nysgjerrighet, kreativitet og vitebegjær skal anerkjennes, stimuleres og legges til grunn for deres læringsprosesser.
Vidare seier Rammeplanen at personalet må ha eit aktivt forhold til barna sine læringsprosessar, og at dei skal være oppmerksam på barnas interessar og engasjement og leggje til rette for læring i ulike situasjonar og aktivitetar.
Det er ingen tvil om at gutane i dette dinosaurprosjektet både undra seg og utforska rundt et tema som dei syntest var spennande. Det viste seg også at dei hadde mange forkunnskapar, og at det å få kjenne på, samanlikne, sortere og kategorisere bidreg til faglege samtalar rundt eit naturfagleg tema på gutane sine premissar. Når personalet inviterer til ulike samtalar får barna anledning til å fortelje, undre seg, reflektere og stille spørsmål om ulike tema som opptar dei.
Refleksjonsspørsmål
- Korleis kan du leggje til rette for at alle barn får delta på aktivitetar som fremjer språkutvikling kvar dag i barnehagen?
- Korleis tar du vare på barnas interessar og engasjement i språkarbeidet i barnehagen?
- Kva gjer du for å utvide barnas erfaringar og sørge for rett progresjon for kvart einskilde barn på ein god måte?
Utstyr
- Plastdinosaurar
- Ark og plakatar
- Fargeblyantar (maling)
- Tøystykke
- Språkkoffert
- Bokstavhjelpar
- Kamera
- Faktabok
Referansar
- Rammeplan for barnehagen 2017. Kunnskapsdepartementet.
- Språkløyper: www.sprakloyper.no
- Artikkel i Tønsberg Blad 17.juni 2015, Elisabeth Stangeland ved Lesesenteret i Stavanger sine doktorgradsstudiar