Standpunktprosjektet

Implementering av nye læreplanar er ein kompleks prosess som involverer endringar i det faglege innhaldet og i pedagogiske tilnærmingar. Men korleis blir vurderingspraksisen påverka?

To barnehagelærere på kurs hos Skrivesenteret

Forskarar frå Institutt for lærarutdanning ved NTNU har arbeidd med å sjå nærare på praksisar og prosessar i standpunktvurdering, og korleis intensjonane i læreplanane blir omsette til praksis. Resultatet av studien gir informasjon om korleis skuleleiarar og avgjerdstakarar bør leggje til rette og støtte lærarar i omstillingsprosessar.

Prosjektet var todelt: Den første delen gjekk ut på å finne ut korleis lærarar nyttar vurderingstekstane i læreplanane og kjenneteikna på måloppnåing når dei vurderer elevane sine. I den andre delen undersøkte forskarane kva som kjenneteiknar praksis og prosessar i standpunktvurdering.

Prosjektet vart finansiert av Utdanningsdirektoratet og vart koordinert av Skrivesenteret. Senteret bidrog òg med forskingsdesign og innsamling og analyse av data.

For å svare på forskingsspørsmåla i prosjektet gjennomførte vi spørjeundersøkingar med 100–150 lærarar per fag. Tre skular på ungdomstrinnet og tre skuler frå vidaregåande skule deltok som case-skular. Lærarane og skuleleiarar ved desse skulane deltok i gruppeintervju. I tillegg observerte forskarane kva som skjer i karaktermøte i dei ulike faga. Dei analyserte òg dokument som vurderingsplanar, oppgåver, kriterium, rettleiingar og fagplanar.

Studien har undersøkt praksisar og prosessar for lærarar i ungdomsskule og vidaregåande skule i faga norsk, matematikk, naturfag, musikk (berre ungdomsskule) og helse- og oppvekstfag (berre vidaregåande). I 2025 vart desse faga undersøkt: samfunnsfag, mat og helse (berre ungdomsskule) og kroppsøving (både ungdomsskule og vidaregåande).

Forskarteam

Forskarane frå Institutt for lærarutdanning ved NTNU har spisskompetanse innanfor fagdidaktikk, vurderingsdesign, psykometri og skuleutvikling.

  • Lise Vikan Sandvik, professor, Skrivesenteret, Institutt for lærarutdanning
  • Henning Fjørtoft, professor, Skrivesenteret, Institutt for lærarutdanning
  • Gustaf Skar, professor, Skrivesenteret, Institutt for lærarutdanning
  • Bodil Svendsen, førsteamanuensis, Institutt for lærarutdanning
  • Egil Galaaen Gjølme, dosent, Institutt for lærarutdanning
  • Anne Holten Kvistad, førstelektor, Skrivesenteret
  • Marita Byberg Johansen, universitetslektor, Skrivesenteret
  • Stine Aarønes Angvik, universitetslektor, Skrivesenteret
  • Olav Dalsegg Tokle, universitetslektor, Matematikksenteret
  • Runa Næss Korshavn, universitetslektor, Institutt for lærarutdanning

Hovudfunn

Funna viser at standpunktvurdering blir praktisert ulikt. Noko av variasjonen er fagleg legitim og knytt til eigenarten i faga og ulike vurderingsformer. Samtidig viser studien at det også finst meir problematiske former for variasjon. Desse heng særleg saman med manglande strukturar for lokalt samarbeid om vurdering.

Skuleleiinga har derfor ei sentral rolle i den lokale utviklinga av vurderingsarbeidet. Ved skular der det blir lagt til rette for samarbeid og kollektive drøftingar om vurdering, verkar praksisen som meir samordna og fagleg forankra.

Studien viser vidare at standpunktvurdering er prega av vedvarande faglege dilemma. Eit sentralt dilemma handlar om korleis lærarar utøver profesjonelt skjønn og har ansvar for standpunktvurderinga, samtidig som det blir utvikla felles praksis som kan bidra til likeverdig vurdering internt og på tvers av skular. Dette dilemmaet blir forsterka av praktiske rammer som tid og ressursar og av opplevd karakterpress i vurderingsarbeidet.

Samla viser funna at kvalitet og likeverd i standpunktvurdering føreset strukturar som både varetek det profesjonelle skjønnet til lærarane og legg til rette for utvikling av felles praksis.

Sluttrapport for prosjektet