Langtidsoppgåva
Rapportar frå utprøving av langtidsoppgåver er publiserte på nettsidene til Utdanningsdirektoratet.
Utprøving av langtidsoppgåver har vore ein del av eit større arbeid Utdanningsdirektoratet har gjennomført på vurderingsfeltet. Eit viktig spørsmål i utprøvinga er om langtidsoppgåver gir elevar betre høve til å vise kompetanse i tråd med LK20, enn det dei har på ein tradisjonell eksamen. Evaluering av langtidsoppgåva har vore leidd og koordinert av Skrivesenteret og er gjennomført i samarbeid med forskarar på Institutt for lærarutdanning, NTNU.
Langtidsoppgåver vart i 2024 prøvd ut i tre fag: Biologi 2, Politikk og menneskerettar og Matematikk 1P-Y. Våren 2025 var det ei ny runde med utprøving. Utprøvinga gjaldt Engelsk 2, i tillegg til dei tre faga frå første runde. Vårsemesteret 2024 og 2025 samla og analyserte NTNU Skrivesenteret data om korleis langtidsoppgåva blei gjennomført i dei aktuelle faga.
Evalueringa viser at elevane får betre moglegheiter til å vise både breidde og djupne i kompetanse. Forskarane har derfor anbefalt Utdanningsdirektoratet vidare forsøk med langtidsoppgåve som vurderingsform.
Du kan lese meir i dei tre rapportane som er publiserte på nettsidene til Utdanningsdirektoratet:
- Delrapport 1, hovudoppdraget:
Langtidsoppgaven som alternativ til eksamen – hva viser første utprøving? | udir.no - Delrapport 2, om hjelpemiddel:
Hjelpemiddelbruk i langtidsoppgaven – hvilke ressurser bruker elevene? | udir.no - Delrapport 3, om erfaringar frå andre utprøving:
Langtidsoppgaven som alternativ til eksamen – erfaringer fra andre utprøving | udir.no
Forskarteam
Forskarteamet frå Institutt for lærarutdanning ved NTNU:
- Gustaf B. Skar, professor, prosjektleiar (Skrivesenteret/ILU)
- Lise Vikan Sandvik, professor (Skrivesenteret/lLU)
- Henning Fjørtoft, professor (Skrivesenteret/ILU)
- Anne Holten Kvistad, førstelektor (Skrivesenteret/ILU)
- Trygve Kvithyld, dosent (norskseksjonen, ILU)
- Runa Eugenie Røttereng Greiner, universitetslektor (Skrivesenteret/ILU)
- Anne Grete Heimsjø, universitetslektor (Skrivesenteret/ILU)
- Marita Byberg Johansen, universitetslektor (Skrivesenteret/ILU)
- Olav Dalsegg Tokle, universitetslektor (Matematikksenteret/ILU)