Frå leseplikt til leselyst – Lesekarusellen på Strandebarm skule
Korleis skaper me ekte leseglede? På Strandebarm skule fann dei svaret: gi elevane tid, valfridom og opplevingar som gjer lesing til litt meir enn ei plikt.
Kvifor ein leseaksjon?
Strandebarm skule ønskte å gi elevane ei oppleving av at lesing kan vere lystprega. For å få til det, måtte dei skape rom for lesing – kvar dag, i ulike former. Målet for aksjonen var å nå 100 000 leseminutt på tre veker, og alle dei 80 elevane frå første til sjuande trinn bidrog. Elevane sprengde målet – og rektor måtte farge håret rosa!
Om me vil at elevane skal få lyst til å lese og finne glede i lesinga, må me gje dei TID til å lese
Slik gjorde dei det
Den 24. april vart det høgtideleg opning med snorklipping, og elevane sette i gang med å lese i minst 100 000 minutt før den 15. mai. Det vart lese over alt, både i og utanfor klasserommet, i idrettshallen, i hengjekøyer, på golvet og ute i sola. Nokre elevar starta også sin eigen leseklubb. Det vart gjennomført leseaktivitetar som å lese for andre elevar i mindre grupper, presentasjon og tilråding av bøker, klassekonkurransar og lesebingo med ekte premiar. Det vart lese kvar dag, og det å lese sjølv og å høyre på lydbok vart sidestilt. Det vart også laga oppgåver på ulike nivå på fargerike plankar som gjorde lesinga spennande.
Plankane er rett og slett treplankar som er måla i ulike fargar, der kvar farge representerer eit nivå. Fargane er raud, grøn, gul, svart, kvit, blå. På plankane er det ulike bøker som høyrer til, der kvar bok har tilhøyrande spørsmålsark. Spørsmåla skal svarast på skriftleg i «Boka om bøker». Elevane låner seg då ei bok frå ein planke, og tek med seg spørsmålsarket som høyrer til. Når boka er lese ferdig skriv elevane ned svara på spørsmål i «Boka om bøker», får godkjent av lærar (og kan eventuelt også krysse ut aktuell bingorute), og leverer tilbake både bok og spørsmål til planken. Deretter kan dei låne seg ei ny bok, og slik held det fram.
Tips til planlegging
- Lag lesekrokar, ta med utstyr heimefrå.
- Gjer klar bøker.
- Lag lesebingo (mal).
- Lag leseskjema til lekse (mal).
- Heng opp snor til opning.
- Lag timeplanar for lesetida.
- Gjer klar boka om bøker til alle.
- Bestill bøker på bibliotek (og gjer klar plankane).
Elevmedverknad
For å skape eigarskap og engasjement fekk elevane sjølv bestemme:
- Kva for bøker dei ville lese.
- Kvar dei ville lese.
- Om dei ville skrive bokmelding eller presentere bøker.
Tverrfagleg vri
Det vart gjort nokre tiltak for å gjere lesesatsinga litt meir tverrfagleg. I matematikk vart det regna på lesetid, ulike gjennomsnitt og framstilling av statistikk. Skriftlege ferdigheiter vart nytta til å skrive bokmeldingar og refleksjonar i «Boka om bøker». Til sist fekk elevane bruk for dei munnlege ferdigheitene sine gjennom ulike bokpresentasjonar.
I «Boka om bøker» skal elevane skriva sjølv. Kvar elev har si heilt eiga bok, der dei samlar arbeidet sitt knytt til Lesekarusellen. Kor mykje som er i bøkene varierer ut frå klassetrinn og nivå, men her limer dei inn leseloggane, lesebingoane og bokrapportane. Elevane skal då kunne sjå tilbake på og lesa om bøker dei har lese – altså ei bok om ulike bøker. Dei vaksne har også innsyn i desse bøkene, ettersom dei skal fylgje opp leseminutt og lesebingoar.
Felles avrunding
Til slutt vart alle elevane samla for å markere at leseaksjonen var over. Alle var einige om at sjølv om den var over, så var ikkje lesinga over for alltid. Elevane fortalde om bøker dei hadde lese som hadde gjort inntrykk, og som dei likte særs godt.
Så gjenstod det store spørsmålet: Hadde elevane klart utfordringa dei hadde frå rektor om å lese over 100 000 minutt i løpet av Lesekarusellen? Ved førre Lesekarusell klarte dei litt over 80 000, og då måtte rektor farge håret rosa. Denne gongen hadde elevane lese i tilsaman 111 358 minutt, så då vart det rektor med rosa hår i år òg. Etterpå gjekk elevane tilbake i klassane, og is, blyantar og notatbøker vart delt ut som premiar. Eitt anna resultat frå årets lesesatsing var meir engasjement for lesing, betre leseuthald, og eit elevråd som allereie planlegg neste aksjon.
Nokre viktige erfaringar:
- Tid og valfridom gir leselyst.
- Konkurranse og leik kan skape motivasjon.
- Lesing kan vere sosialt og gøy – og biblioteket vart ein favorittplass!
Vil du prøve noko liknande?
Start med ein enkel idé: gi elevane tid til å lese – og legg til små grep som gjer lesinga til ein fest. Lesekarusellen viser at det verkar!
Takk til
- Skrivesenteret ønskjer å takka Tordis Marie Sørli Flatraaker og dei andre lærarane på Strandebarm skula for å dela denne praksisforteljinga med oss.