Samling om eksamen og fagfornying i norskfaget

Om lag 80 norsklærarar deltok på kursdag om eksamen i norsk på hotell Augustin i Trondheim. Samlinga var eit dialogmøte mellom norsklærarar og dei som har ansvar for å utvikle eksamensoppgåvene i norsk skriftleg.

Å lage eksamensoppgåver er ein kreativ prosess, hevda dei to som leia hovuddelen av programmet. Cecilie Bach og Tor Egil Furevikstrand arbeider til vanleg i vidaregåande skule, men sit og i fagnemnda som har ansvar for å lage eksamensoppgåvene i norsk skriftleg. 24. april 2017 var dei på plass i Trondheim for å snakke om eksamensoppgåver og sensur. Dei fortalde om korleis oppgåvene blir til og presenterte nokre resultat frå eksamensrapporten 2016. Til slutt fekk deltakarane lese og diskutere nokre elevsvar.


 

Korleis blir eksamensoppgåvene til?

Fagnemnda består av eit team med sju lærarar frå heile landet som møtest seks gonger i året for å lage fire til seks eksamenssett, to til jul og to til våren, med variantar for elevane med samisk som førstespråk. Medlemmene i nemnda har ansvar for å ta med tekstar og moglege oppgåveformuleringar. I følgje Tor Egil Furevikstrand endar dei sjeldan opp med det det som vart føreslått først. – Vi går mange rundar med kvar oppgåve. Det er særs mange omsyn å ta, seier han. – Det er viktig at vi tek inn over oss alvoret i arbeidet med oppgåvene. Kvar vår er det 50 000 elevar og privatistar som tar eksamen i norsk. For kvar enkelt av desse kan resultatet bety særs mykje, held Bach fram.

For det første må oppgåvetypane vere mogleg å kjenne att frå år til år. - Det beste komplimentet vi får, er når vi høyrer frå lærarar: «Dette var greie oppgåver.» Då blir vi glade, ler Furevikstrand. Det skal gå an å førebu seg til eksamen, seier han, medan det blir nikka intenst i salen. For det andre må oppgåvene vere laga slik at dei kan måle kompetansen til eleven. Sjølv om konkretisering av læreplanmål og kjenneteikn på måloppnåing blir utvikla lokalt, skal arbeidet kunne vurderast sentralt. Oppgåvene er basert på kompetansemåla frå hovudområda skriftleg kommunikasjon og språk, litteratur og kultur på vg2 og vg3. Læreplanen krev altså at oppgåvene dekker ei stor breidde, både i innhald og i skrivemåtar. «Det overordna formålet med eksamen er at elevane skal få vist den norskfaglege kompetansen sin», står det i eksamensrettleiinga. Då må vi lage oppgåver som gjer det mogleg, seier Bach.


Å bli god til å skrive kortsvar

Innføringa av eit obligatorisk kortsvar sikrar at elevane får vist brei kompetanse til eksamen. Slik får ein prøvd fleire kompetansemål, og kortsvaret blir ein viktig del av den heilskaplege vurderinga av eksamenssvaret. Fordi det er ein så kort tekst, eignar arbeid med kortsvar seg svært godt i opplæringa, hevdar Furevikstrand. Å måtte formulere seg kort og presist om eit fagleg emne, er ein god måte å lære på. Eit interessant perspektiv på eksamen er at den ikkje berre måler kompetansen, men også er med på å styre undervisninga. Eksamen har ein potensiell styringsfunksjon for korleis norsklærarar driv skriveopplæring. Sjølv om kortsvartekstane har blitt betre, viser eksamensrapporten frå 2016 at vi framleis har mykje å gå på her. Mange av elevane brukar til dømes for mykje plass på å referere frå tekstvedlegga i staden for å kommentere dei.


Betre strategiar for argumenterande skriving

I mange langsvar blir elevane bedne om å skrive saklege tekstar der dei skal argumentere eller resonnere. Eksamensrapporten viser at sjølv om kandidatane finn mykje å skrive om i tekstvedlegga, har mange vanskar med å drøfte og å finne gyldige argument. Dette tyder på at ein bør trene meir på dette i opplæringa, og nemnda tipsa deltakarane om Skrivesenteret sin ressurs om argumenterande skriving.


 

Moglegheiter og utfordringar med kreativ tekst

Den kreative teksten har vore eit heitt diskusjonsemne i fagmiljø, i sensorgrupper og på lærarrom etter læreplanrevisjonen i 2013. Det er ofte i vurderingane av desse tekstane at det er mest sprik.

Nemnda viste til eksamensrettleiinga, der det står kva oppgåveformuleringar som kan bli gitt til dei kreative oppgåvene og om korleis ein kan tolke desse instruksane.

På samlinga presenterte Kjersti Rognes Solbu Skrivesenteret sin ressurs om kreative tekstar på norskeksamen. Første del av ressursen er ein gjennomgang av krav til og kjenneteikn på den kreative teksten til eksamen. Her er eksamensrettleiinga ei viktig kjelde (Passord får du på skolen din.) I den andre delen av ressursen blir det presentert eit forslag til korleis ein kan arbeide med kreativ tekst i klasserommet. Ressursen viser korleis ein kan leie elevane gjennom ein styrt kreativ prosess. Eit viktig prinsipp her er at kreativitet ikkje er eit talent, men noko ein kan lære. I siste del av ressursen finst det ei samling med eksempeltekstar skrivne av elevar som ein kan arbeide med i undervisninga.
 

Vegen vidare? Fagfornying og norskfagets kjerneelement.

Til slutt fekk Tone Vindegg frå Udir ordet. Ho heldt eit innlegg om den varsla fagfornyinga og om korleis prosessen er planlagt. Ho understreka at hovudprinsippa i Kunnskapsløftet vil bli vidareført: Læreplanen vil framleis bestå av kompetansemål, og dei grunnleggjande ferdigheitene vil halde fram med å ha ein sentral plass.


 

Eit mål med fagfornyinga er å lage ein betre samanheng mellom dei ulike grunnlagsdokumenta: frå generell del av læreplanen - via læringsplakaten og formålsparagrafen i opplæringslova - til læreplanane i faga. Første fase av dette arbeidet er allereie i gong med framlegget til ny generell del, som no er ute på høyring.

Eit anna mål er å leggje til rette for djup læring i alle fag. Eit viktig arbeid her blir å tydeleggjere kva som er kjerneelementa i dei ulike faga. Kva er det elevane treng å lære ordentleg for å forstå faget? Når det gjeld dette siste, er revisjonen av læreplanane i Noreg ein del av ein internasjonal trend: Djup læring og kjerneelement blir diskutert i mange land. I løpet av våren vil direktoratet setje ned grupper i kvart fag som skal definere desse kjerneelementa. Desse gruppene skal også samarbeide med kvarandre for å sikre at samanhengen mellom faga blir tydeleggjort utan at det blir for store overlappingar. Når arbeidet med kjerneelementa er ferdig, blir det nedsett læreplangrupper som skal sjå på sjølve kompetansemåla i faga.

Vindegg avslutta med å peike på at vi går inn i ein periode med viktige diskusjonar om norskfaget. Korleis skal balansen mellom ferdigheitsdelen og danningsdelen vere? Korleis skal ein definere grensene mellom norskfaget og andre fag? Korleis skal ein grunngje arbeidet med skjønnlitteratur? Bør faget få ein eigen metodedel? Skal det utviklast yrkesfagspesifikke delar av læreplanen? Trengst det tydelegare rettleiingar til læreplanane? Målet er at prosessen skal vere open. Det er viktig at norsklærarane set seg inn i og deltar i debatten. 

Til toppen