Kortdikt – eit digitalt opplegg

I denne ressursen finn du eit hefte med ei samling korte modelltekstar i kreativ skriving for ungdomstrinnet. Med heftet følgjer eit undervisingsopplegg som kan gjennomførast digitalt.

Desse små meisterstykka frå verdslitteraturen er meint som ei kjelde til litterære opplevingar og til inspirasjon for elevar på ungdomstrinnet som sjølv skal eksperimentere kreativt med diktsjangeren.

I norskfaget er det eit kjerneelement at elevane «skal utforske og reflektere over skjønnlitteratur [...] i omsette tekstar frå samisk og andre språk.» Dei poetiske tekstane i heftet er omsett til nynorsk frå ei rekke ulike språk, og legg slik til rette for arbeid med dette kjerneelementet. Til kvart dikt følgjer nokre emneknaggar. Desse er meint som ei hjelp i tolkinga, men dei er på ingen måte uttømmande eller ein fasit for korleis dikta skal forståast. Det kanskje fremste kjenneteiknet på poesi er fleirtydigheit og ulike tolkingsrom. Elevane si litterære oppleving i møte med dikta er det aller viktigaste. Men det er også viktig at elevane utforskar dikta og reflekterer over korleis dei litterære verkemidla bidreg til opplevinga deira.

Norskfaget skal ikkje berre gje elevane litterære opplevingar, men også mogelegheit til sjølv å uttrykkje seg kreativt og skapande. Å kunne skrive i norsk inneber mellom anna å kunne uttrykkje seg i skjønnlitterære sjangrar, til dømes i form av dikt.

Å skrive dikt tyder å skape. Eit dikt kan formidle alt frå tankar, stemningar, bilete og rytmar til kjensler og lydar. Eit dikt treng ikkje meine noko, det kan også berre vere. Eit dikt kan ha ei fast versform eller ikkje.

Nokre diktformar har bestemde rammer for skrivinga, til dømes ein haiku. Å skrive haikudikt kan være ein høveleg inngang til kreativ skriving. Ein haiku har sytten stavingar fordelt på tre liner etter rytmemønsteret 5-7-5. Dessutan viser haikuformelen at ein tekst ikkje må rime for å være eit dikt.

I den mørke tida
vil det syngjast også då?
Det vil syngjast også då.
Om den mørke tida.

(Bertolt Brecht, 1898-1956)

 

Forslag til digitalt undervisingsopplegg til heftet:

  1. Last ned det vedlagde heftet.
  2. Vel ut nokre av tekstane og lag ein kort mobilvideo eller ta skjermopptak der du viser elevane korleis ein tenkjer når ein utforskar dikt.
  3. Diskuter korleis strukturen og verkemidla i dikta påverkar opplevinga av teksten.
  4. Legg videoen ut på læringsplattforma til elevane og skriv ei kort oppgåveformulering som t.d. denne: Arbeid individuelt/i par/i grupper på 2-3 over nett og vel dykk ut eitt av dikta. Saman skal de lage eit dikt om eit sjølvvald tema etter modell av diktet. Legg inn diktet i mappa ”Digital poesi” på læringsplattforma (eller anna innleveringsløysing) innan (dato). Hugs namn i topptekst.
  5. Tekstane samlar vi til slutt i klassens dikthefte.

 

Sjå også: Skrivesenteret sin ressurs om småskrivingsoppgåver

Klikk for å laste ned
Til toppen