Kva er skriving i samfunnsfag?

Når elevane skal lære å skrive på samfunnsfagets premissar, er det viktig at samfunnsfagslæraren er medviten om kva som kjenneteiknar skriving i samfunnsfag. 

Skriving er ein nyttig reiskap for å utvikle kritisk og sjølvstendig tenking i samfunnsfag. I tillegg er skriving eit viktig struktureringsverktøy for å presentere samfunnsfagleg kunnskap. 

«Å kunne skrive i samfunnsfag inneber å planleggje, utforme og arbeide med tekstar som er tilpassa formålet med skrivinga. Det inneber òg å dele, formidle og presentere kunnskap og informasjon skriftleg og å bruke samfunnsfaglege omgrep, byggje opp argumentasjon og utforske og problematisere samfunnsfaglege tema. Vidare inneber det å kunne dokumentere og presentere resultat av samfunnsfaglege undersøkingar skriftleg. Utviklinga av skriveferdigheiter i faget går frå å formulere enkle faktasetningar og spørsmål og vise til kjelder, til å skrive fagtekstar, drøfte problemstillingar og vise til meir komplekse kjelder» (LK20). 

I læreplanen blir det framheva at elevane skal kunne planleggje, utforme og arbeide med tekstar tilpassa ulike formål. Det er òg viktig at elevane får opplæring i kritisk kjeldebruk, og dette kan ein starte med allereie på småtrinnet. 

Korleis kan lærarar arbeide med skriving i samfunnsfag? 

Samfunnsfag famnar eit breitt spekter av teksttypar og teksttradisjonar. Tradisjonelt er læreboka den viktigaste kjelda til kunnskap, men elevane møter i tillegg  andre fagbøker og fagartiklar, oppslagsverk, rapportar, ulike meiningsytringar, samandrag, partiprogram, samt ulike skjønnlitterære verk. Sjølv om desse teksttypane (til dels) er svært ulike, er det likevel eit kjenneteikn for mange av dei at dei er samansette tekstar som inneheld fleire meiningsberande element – til dømes bilde, grafiske framstillingar, tabellar, tidslinjer, faktaboksar og kart. Det multimodale aspektet er enda tydelegare i digitale samfunnsfaglege tekstar, noko som krev at samfunnsfaglæraren, i tillegg til å vere skrivelærar, òg må lære elevane korleis desse tekstane kan lesast. 

Skriving i samfunnsfag kan gjerne delast i småskriving og større skriveprosjekt. Det er ikkje gjennomførleg å skrive tradisjonelle fagartiklar om alle emne ein skal innom i dei ulike kjerneelementa i samfunnsfag. Samtidig er typiske kapitteloppsummeringar med spørsmål og svar, som ein ofte finn i lærebøkene, ofte verken eigna for å utvikle skriveferdigheiter eller fagkunnskap i faget. Eit godt alternativ kan derfor vere å leggje til rette for småskriving der elevane må omformulere fagstoffet med eigne ord, som til dømes ved å skrive samandrag. Ein stor metastudie over undersøkingar som måler effekt i skriveopplæring, Writing Next, løftar fram det å skrive samandrag som ein svært effektiv metode for å utvikle skriveferdigheiter, særleg hos lavtpresterande elevar (Graham & Perin, 2007). Ei anna småskrivingsoppgåve som sikrar at elevane formulerer fagstoffet med eigne ord, er oppgåver der elevane arbeider med å definere omgrep. Elevane kan òg lage eigne spørsmål som medelevar kan svare på. 

Når elevane får lengre skriveoppgåver, som til dømes det å skrive ein fagartikkel, treng dei tydeleg og eksplisitt opplæring i korleis denne teksttypen kan skrivast. Dette gjeld også når skriveoppgåva skal ende i ein digital presentasjon med manus. Ein sentral del av den eksplisitte skriveopplæringa vil vere å vise fram gode modelltekstar. Formålet med skrivinga må vere tydeleggjort på førehand. Elevane må vite kven dei skriv for, kva teksten skal brukast til og korleis teksten skal vurderast. 

Samfunnsfaglege artiklar har ofte ei tredelt oppbygning med innleiing, hovuddel og avslutning. I innleiinga blir gjerne ei problemstilling introdusert, som blir utforska i hovuddelen med støtte i ulike kjelder eller eigne undersøkingar. Hovuddelen har gjerne tematiske avsnitt eller underkapittel. I avslutninga blir konklusjonen på problemstillinga presentert. For å synleggjere for elevane korleis ein samfunnsfagleg tekst kan bli byggja opp, kan det vere hensiktsmessig å gi elevane konkrete rammer for inndeling i tematiske avsnitt. 

Gjennom lengre skriveprosessar, der elevane utforskar faginnhaldet  og samfunnsfagslæraren rettleiar elevane gjennom heile prosessen og gir dei gode rammer for skrivinga, vil elevane kunne utvikle djupare forståing i faget. Samtidig lærer elevane å skrive dei samfunnsfaglege tekstane. 

Kjeldearbeid 

Å skrive samfunnsfaglege tekstar krev medvit kring kjeldebruk. Derfor er det viktig at skriveopplæringa i samfunnsfag øver elevane i hensiktsmessig, kritisk og riktig bruk av kjelder. 

ETOS-modellen for kjeldearbeid er utarbeida ved Nasjonalt senter for skriveopplæring og skriveforsking og kan vere ein nyttig modell å bruke i arbeid med kjelder. Modellen er inspirert av SMART-modellen (Overrein & Madsen, 2014) og TONE-modellen (NTNU, 2011). Det er viktig at læraren synleggjer for elevane korleis ulike kjelder blir tatt i bruk og blir referert til i ein tekst, og at lærar og elevar saman øver opp eit kritisk blikk på kjeldene som blir nytta. ETOS-modellen stiller fire grunnleggjande spørsmål elevane bør stille seg sjølv i møtet med kvar ein tekst dei vil bruke som kjelder, både i skolesamanheng og i kvardagen:  

  • Er kjelda eg skal bruke eigna til formålet?  
  • Er den truverdig?  
  • Er kjelda oppdatert? 
  • Finn eg fleire kjelder som samsvarer med mi kjelde?  

Det er ikkje nødvendigvis negativt at kjelder er meir eller mindre truverdige, eller at dei ikkje alltid samsvarar med andre kjelder. Med eit medvite og reflektert forhold til kjeldearbeid kan alle typar kjelder innehalde informasjon som kan bli nytta i samfunnsfagleg skriving. På denne måten øver elevane opp ei kjeldekritisk tenking som dei vil få bruk for i møte med samfunnet utanfor skolen. 

Litteratur 

Graham, S. & Perin, D. (2007). Writing Next. Effective strategies to improve writing adolescents in middle and high schools. New York: Carnegie Corporation of New York. 

NTNU (2011). Kildekritikk. Henta 20. januar 2015.  
http://www.ntnu.no/viko/kildekritikk/oppsummering 

Overrein, P. & Madsen, R. (2014). Grunnleggende ferdigheter i samfunnsfag. I K. Skovholt (red.), Innføring i grunnleggende ferdigheter. Oslo: Cappelen Damm Akademisk. 

Utdanningsdirektoratet (2020). Læreplanverket for Kunnskapsløftet. Henta 17. juni 2020 
https://www.udir.no/lk20/saf01-04 

Til toppen