Gjesteforelesning med professor Judith Langer

Gjesteforelesning med professor Judith Langer

Tittel: The National Study of Writing Instruction: A Four-Year Study
 


9. mai, kl 10:45 – 12:00
Rom: Auditorium BA 114, Rotvoll



Judith Langer er professor ved University at Albany og er eit svært sentralt namn i den internasjonale literacy-forskinga. Ho er særleg opptatt av samanhengen mellom skriving, lesing og læring. I forelesninga vil ho ta oss med inn i ein omfattande studie av arbeid med skriving i ulike fag i amerikanske klasserom. Ho vil presentere bakgrunn for studien, det mange-fasetterte forskningsdesignet som er nytta, gi innblikk i utvalde funn og dele visjonar for korleis skriving kan og bør bli integrert i læringsarbeid. Forskingsarbeidet er publisert i boka Writing Instruction that Works: Proven Methods for Middle and High School Classrooms, som Langer har skrive saman med Arthur Applebee (2013). Målet med forelesninga er å invitere til kollegial diskusjon om skriveopplæring i ulike fag og mulige nye vegar for denne opplæringa.

Forelesninga bør vere svært aktuell for alle som er opptatt av korleis ein kan bruke lesing og skriving for å fremje god og effektiv læring. 

De finn meir å lese om Judith Langer her http://www.albany.edu/etap/Judith_Langer.php.

Til toppen