Er det slik at 20% av dei unge ikkje kan skrive?
I haustens valkamp (2009) har faktagrunnlaget for å seie noko om skriveferdigheitene til norske elevar vore eit omdiskutert tema.
Men det fins korkje nasjonale eller internasjonale undersøkingar som tar for seg skriveferdigheitene til norske elevar i si fulle breidde.
Grunnlaget for å seie noko om korleis det står til med norske barn og unge sine skriveferdigheiter, er såleis tynt.
Noko veit vi likevel:
- KAL (Kvalitetssikring av læringsutbyttet i norsk skriftlig) var ei omfattande undersøking av eksamenstekstane til 10.klasseelevar i norskfaget, i perioden 1998-2001.
- Denne studien fortel at i underkant av 1% av elevane har hatt svakt læringsutbyte, dvs fått karakteren 1, medan om lag 12% fekk karakteren 2. Om lag 13% av elevane vert altså vurderte som ”dårlege skrivarar” i norsk hovudmål.
- Undersøkinga viser at skilnadene mellom gutar og jenter er store. Om lag 19% av gutane er dårlege skrivarar, medan berre om lag 5% av jentene vert vurderte på dette nivået. Dette har delvis å gjere med at personleg, forteljande skriving var favorisert til eksamen i denne perioden, og det passa jentene betre enn gutane.
- Aktuelt spørsmål: Betyr karakteren 2 at ein er ”funksjonell analfabet” eller at ein ikkje har utvikla skriveferdigheiter som er på eit nivå som gjer læring mulig? Ser vi på tekstane som dei ”dårlege” elevane har skrive, er svaret nei. Elevar med karakteren 2 kan skrive, men dei kan og bør bli betre. Dei har eit forbetringspotensial.
- Kort samanfatta viser studien at skriveferdigheitene til norske 15- og 16-åringar gjennomgåande er bra. To av forskarane skriv i sluttrapporten: ”Det vil ikke lenger være mulig ukritisk å videreformidle en av norsk utdanningspolitikks mest seiglivede vandrehistorier: At en av fem norske elever ikke kan skrive når de forlater ungdomsskolen. Denne forestillingen savner ethvert grunnlag i virkeligheten.” (Berge og Hertzberg 2005:7f).
Her kan de lese meir om dei to bøkene frå KAL-prosjektet:
|
Bok fra KAL-prosjektet bind 1
|
|
Bok fra KAL-prosjektet bind 2
|
Norske elevar samanlikna med elevar frå andre land
Vi veit lite om skriveferdigheitene til norske elevar samanlikna med elevar frå andre land.
Grunnen til det er at slike samanlikningar har vist seg å vere svært vanskelege å gjennomføre.
Ein freistnad vart gjort av IEA (The International Association for the Evaluation of Educational Achievement) på 1980-talet.
Dei fann at det ikkje var mulig å utvikle komparative mål sidan skriving er ein kompleks og kultursensitiv ferdigheit (Purves 1992).
Nye nasjonale skriveprøvar – utvalsprøvar
- Det vil kome nye nasjonale skriveprøvar. Ein skal med desse prøvane teste eit utval av barna på årstrinn 5 og 8, og ein skal undersøkje skrivekompetansen deira i alle fag. Ei faggruppe i regi av Nasjonalt senter for skriveopplæring og skriveforsking startar i desse dagar arbeidet med å utvikle denne nasjonale skriveprøven, som med tida vil gi oss betre oversikt.
- Det vil bli viktig å forske på resultata frå skriveprøvane, slik at vi kan få kvalifisert innsikt i kva norske elevar får til i skriving, og kva det er dei slit med.
- Det må også utviklast strategiar for korleis lærarane kan gjere seg nytte av forskingsbasert innsikt i arbeidet sitt. Forskinga må omsetjast i praktiske og lett tilgjengelege undervisningsopplegg.
PIRLS og PISA – kva fortel desse undersøkingane?
PIRLS og PISA måler ferdigheiter i lesing – ikkje skriving.
Desse undersøkingane kan ikkje fortelje oss noko om kor flinke elevane er til å skrive.
Lesing og skriving er rett nok ferdigheiter som er nær i slekt.
Likevel fungerer dei i noko ulik samanheng og representerer ulike prosessar.
- Skriving handlar om å skape tekst sjølv, om skape meining gjennom skriftlege teikn.
- Lesing handlar om å ta til seg skriven tekst og skape meining ut av det andre har skrive.
Ein kan såleis ikkje slutte frå ferdigheiter innanfor lesing til ferdigheiter innanfor skriving.
Nasjonalt senter for skriveopplæring og skriveforsking
Skrivesenteret skal betre kunnskapsnivået om skriveferdigheiter hos norske elevar.
Vi skal utvikle ein solid kunnskapsbase om skriving og skriveutvikling.
Ved hjelp av dei nye nasjonale utvalsprøvane vil ein kunne få noko meir innsikt i elevars skriveferdigheiter.
Det blir ei oppgåve for senteret å bidra til eit godt og sakleg kunnskapsgrunnlag for både fagleg og politisk debatt.