Loading
Skriving - lyst eller pine? <br /><span class='author'> av Torlaug Løkensgard Hoel</span>

Skriving - lyst eller pine?
 av Torlaug Løkensgard Hoel

Skriving - lyst eller pine?
 av Torlaug Løkensgard Hoel

'Skriving - lyst eller pine?' - Løkensgard Hoel

Under er manuskriptet til "Skriving - lyst eller pine?" gjengitt i sin helhet:

Winston Churchill skal ha sagt: ”I hate to write, but I love having written.” Sitatet fangar inn ytterpunkta ved skriving: lyst og pine. Det fangar slitet, strevet, leitinga etter ord ein ikkje finn – og som kanskje heller ikkje finst, det fangar kriblinga i mellomgolvet når vi kjenner at svingar det, og den nesten barnslege gleda når vi endeleg ser orda på trykk.

Skriving – lyst eller pine? - Løkensgard Hoel

Skriving er å inngå ei pakt med det med det uforutseibare. Den mest utbreidde misforståinga om skriving er førestellinga om at skriving er å skrive ned tankar ein alt har tenkt og formulert. Ein viktig del av skrivinga er tvert imot å prøve ut tankar, la orda leite fram nye stigar. Nokon viser seg å vere farbare, andre ikkje. Denne vandringa er gøymt for lesarane som berre møter den ferdige, finpussa teksten, der alle spor etter omvegar og omskrivingar – det ein kunne kalle tankens fotspor i teksten – er fjerna. Arnljot Eggen har sett ord på dette når han seier at ”Ein må skrive nokså mykje for å sjå kva ein ikkje skal skrive.”

Når idear og tankar skal formast i ord, forandrar dei seg. Den glitrande ideen blir fattigsleg og grå, den elegante tankeflukta dett til jorda som småstein.

Slik kjenner Hans Børli det:


Ordene du strever med
skranger tomt inne i deg,
som moltekart
på bunnen av et blikkspann.

Skriveprosessens vegar er uransakelege. Forfattarar fortel om alt frå skrivesperre til skriveraptus. Göran Tunström skriv om den tunge vegen: ”Har i dag, etter ett års arbeid, endelig funnet fortellingens første setning. Femten ganger har jeg skrevet om første kapittel uten å få den rette instrumenteringen. Men nå er den her ... starten kan gå.” Sigrid Undset fortel om korleis kapitlet i Kristin Lavransdatter, der Simon Darre døyr, vart til: ”Jeg stod opp en natt og skrev det kapitlet og rørte aldrig siden et komma i det. Og det er det jeg selv liker best i boken.” Mange vil vere samde med henne i det.

Det uforutseibare ligg og i at dei nedskrivne orda blir ei kraft i seg sjølv. Skjønnlitterære forfattarar fortel ofte om korleis teksten tar makta frå dei, men eg vil tru at også vi fagforfattarar har opplevd at teksten går sin eigen veg. Herbjørg Wassmo seier i eit intervju om si eiga skriving: ”Det jeg er mest redd for, er å dø midt i en roman. Da får jeg jo ikke vite hvordan det går.” Ivar Lo-Johansson har fortalt om korleis han stundom fullstendig mista kontrollen over personane sine. Angsten for kva han måtte la dei gå gjennom var stundom så sterk at han måtte ”rusa upp och öppna fönsteret för att få luft”, medan han kjempa seg gjennom skrivinga. Sigrid Undset fortel at ho kom til å gi Simon ein større plass i Kristin Lavransdatter enn ho hadde tenkt, fordi ho forelska seg i han medan ho skreiv. Kristin, derimot, tærer på tolmodet med alle dei forviklingar ho skaper for seg sjølv og andre: ”Glad skal jeg være den dagen jeg putter Kristin i likkisten ute i Reinsklosteret og de synger sjelemessen over alle hennes vidløftigheter.”


Det uforutseibare ligg og i at vi som skrivarar ikkje kan forutsjå lesarane sine reaksjonar, vi veit vi ikkje korleis lesarane vil oppfatte teksten. Lesarane tolkar og omskaper våre ord. Den svenske forfattaren og kulturpersonlegdomen Olof Lagercrantz seier ”man skriver bara halva boken, andra hälvten får läsaren ta hand om.” Og så legg han til: ”Gud give oss alla, som skriver, goda läsare.” Når eg skriv, set eg mi lit til at eg får gode lesarar.

Men skriv gjer vi trass kampen med orda og det uforutseibare. Og vi forkastar. Og vi prøver om att og om att om vi lykkast i det som Hans Børli kallar ”å sette vinger på en stein”. Det som driv oss, er kanskje spenninga om kvar skrivinga vil føre oss og gleda ved å få til noko. Kanskje også ei von om ein sjeldan gong å kunne kjenne seg igjen i orda til Olav H. Hauge:

I dag kjende eg
at eg hadde laga eit godt dikt.
Fuglane kvitra i hagen då eg kom ut,
og soli stod blid yver Bergahaugane.